Nytt fleirtal – ny regjering

Åtte år med raudgrønt styre er meir enn nok. På landsmøtet til helga bør Noregs eldste parti slå klart fast at det vil bidra til å skaffe landet ei ny regjering.

15. oktober i fjor vedtok Unge Venstres landsmøte, med overveldande fleirtal, at eit borgarleg fleirtal bør gje ei borgarleg regjering etter neste stortingsval. Denne helga har moderpartiet høve til å seie det same. Det vil vere viktig for partiet, og det vil vere viktig for landet.

Venstre er eit liberalt parti. Det betyr at vi er eit parti som set folk først, og som tek parti med enkeltmennesket i kampen mot systemet. Når enkeltmenneske, det vere seg asylborn, småbedriftseigarar eller lærarar, har stanga hovudet mot systemet i åtte raudgrøne år, er det på tide at nokon kjem dei til unnsetning.

Behov for grundig utlufting

Venstre er også eit sentrumsparti. Det betyr at det ikkje er ei politisk tyngdelov at Venstre må samarbeide med Høgre og KrF, eller for den saks skuld Frp. Vi kan vi finne saman med ulike parti i ulike saker– det vere seg Raudt i kampen for dei papirlause, eller Frp i kampen mot datalagringsdirektivet. Når Unge Venstre har slått fast at Venstre denne gongen bør vende seg mot dei andre opposisjonspartia på borgarleg side, er det ikkje berre fordi vi ser alle dei felles sakene som partia faktisk er einige om, og som kan gjennomførast med eit nytt fleirtal i ryggen. Det er også fordi det er behov for grundig utlufting.

Den sitjande regjeringa har bevist at den ikkje er liberal, og at den ikkje maktar å satse målretta på å byggje eit grønt og kunnskapsbasert Noreg. Dessutan har den ikkje vist fnugg av interesse for å finne løysingar saman med Venstre. Den arbeidarpartidominerte regjeringa er styringstrøtt, kjem knapt med saker til Stortinget, og fører landet sakte, men sikkert i gal retning. Det er behov for ein grundig snuoperasjon.

Det vi er einige om

Kva skal så denne operasjonen bestå av? På borgarleg side er partia einige om mykje. Ein er einige om behovet for å trappe opp innsatsen inn mot forsking og høgare utdanning – den viktigaste investeringa for framtida. Ein er einige om at staten ikkje treng ha monopol på tenesteproduksjon, og at alle gode krefter bør få sleppe til, til dømes i den overbyråkratiserte helsesektoren. Ein er einige om behovet for kollektivsatsing i byane, og vegbyggjing i distrikta. Ein er einige om å mjuke opp arbeidsmiljølova, slik at fleire kan få ein fot innanfor arbeidslivet. Og ein er einige om å gjennomføre ein del strategiske skatteletter, slik at næringsliv og arbeidsplassar kan sikrast i ei tid med stor uro i verdsøkonomien.

Med litt arbeid kan ein kanskje til og med bli einige om reformer som er vanskelegare å gjennomføre, men desto viktigare for landet. Dette gjeld omleggjing av trygdesystemet slik at det alltid lønar seg å jobbe. Det gjeld å få ein ny og forsterka kommunestruktur, der ein kan løyse fleire oppgåver lokalt. Og det gjeld å sleppe bøndene fri frå planøkonomisk styring og proteksjonisme.

Det vi er ueinige om

Ingen skal likevel legge skjul på at det er stor politisk avstand mellom Venstre og dei andre opposisjonspartia. Ikkje minst gjeld dette forholdet til Frp. Vi snakkar her om vanskelege spørsmål som asylpolitikk, miljøpolitikk og nivået på offentleg pengebruk, som alle er kjernesaker for eit liberalt parti. Her må Venstre vere tydelege på sine standpunkt, og gjere det klart for både veljarar og potensielle samarbeidspartnarar kvar grensene må gå. Og for alle veljarar som deler Venstre sitt syn i desse sakene, og som ønskjer regjeringsskifte, bør det vere openbart kva stemmeseddel ein bør putte i urna på valdagen.

Eg er einig med Trine Skei Grande at dei politiske realitetane tilseier at den mest styringsdyktige koalisjonen vil bestå av Venstre, Høgre og KrF, og at det er lite sannsynleg at Venstre vil ende opp i regjering med Frp. Eg er vidare einig i at Venstre ikkje skal dele ut garantiar i aust og vest, eller setje saman noko regjeringsalternativ før veljarane har sagt sitt. Forhandlingar må vise kva liberale gjennomslag det er mogleg å få. Det dei borgarlege partia bør vere einige om, er eit løfte til veljarane om at ein vil bruke fleirtalet saman – og gje den arbeidarpartidominerte regjeringa avløysing.

Røiseland revival

Det er for så vidt ikkje noko nytt at behovet for å avløyse sosialdemokratiet har gitt Venstre uvante sengepartnarar. I 1965 garanterte Venstre for eit skifte. Då hadde Arbeidarpartiet styrt landet så godt som samanhengande i 20 år. Kritikken var var krass mot venstrehøvdingen Bent Røiseland, ikkje minst sidan han var villig til å samarbeide med Høgre – Venstres arvefiende sidan 1884. På eit partimøte før valet møtte Røiseland kritikken med følgjande kommentar:

«Nå har vi muligheten til å gi Arbeiderpartiet nyttige år i opposisjon. Det trenger sosialdemokratene. Det er viktig med et skifte, viktig at nye statsråder med en annen verdiforankring arbeider seg gjennom saker i skuffer og skap og legger grunnlag for en ny politikk og en ny morgendag».

Og skifte vart det. Denne helga kan Venstre bidra til at historia gjentek seg.

Innlegg på trykk i Dagens Næringsliv 11. april 2011

Kan nåde gå for rett?

Politikarar i Høgre og Frp er vanlegvis svært opptekne av skjønn og romslegheit i forvaltninga. Det underlege er at dette berre gjeld når ein skal bygge på garasjen, og ikkje når norske born skal sendast «heim» til eit afrikansk diktatur.

I sin artikkel «Fornuft og følelser» på Minerva skriv Eirik Løkke eit forsvar for Jens Stoltenbergs såkalte konsekvente linje i asylpolitikken, og meiner at «sentimentalitet» ikkje er eit godt utgangspunkt for beslutningar i politikken. Mon det.

For kva er eigentleg asylinstituttet, om ikkje reglar basert på sentimentalitet? Vi snakkar om menneske som ikkje har nokon rett til å kome til Noreg, som ikkje nødvendigvis kan bidra med noko av viktigheit og som kanskje har kome til landet på uærleg vis. Likevel lar vi mange av dei bli her hos oss, i verdas rikaste land. Kvifor? Fordi alternativet er å sende dei tilbake til undertrykking, og kanskje død. Vi blir sentimentale. Vi viser kjensler som samfunn. Vi lar nåde gå for rett.

Røyndomen er ikkje konsekvent

Vi som meiner at dei mykje omtalte asylborna skal få bli i landet, blir ofte skulda for å skyve enkeltmenneske foran oss. Det er ei skulding eg kan leve godt med. For når systemet ikkje toler møtet med enkeltmenneska, er det systemet det er noko gale med – ikkje enkeltmenneska. Jens Stoltenberg stod på Dagsrevyen for eit år sidan og sa at «vi trenger politikere som står opp for systemet i møtet med enkeltmennesket». Eg meiner vi har sett meir enn nok slike politikarar opp gjennom historia.

For når eg høyrer på politikarar frå særleg Høgre og Arbeidarpartiet, får eg av og til inntrykk av at det at reglane eksisterer er eit argument i seg sjølv for at dei framleis skal eksistere. Så kan det vere at kartet viser seg å ikkje stemme med terrenget, men då er desto viktigare å unngå endringar på kartet. Eller som humorsida 5080.no oppsummerte debatten: «Konsekvent asylpolitikk viktig i kampen mot inkonsekvent virkelighet».

Det er ikkje det at reglane ikkje kan endrast, for det kan dei. Det er berre det at ingen skal kunne protestere seg til endring. Eller som Eirik Løkke skriv i sitt innlegg: «Det er godt mulig vi trenger å myke opp kriteriene for opphold, men (…) ikke som følge av subjektiv aktivisme».

Å ta dette som utgangspunkt er ikkje å vere konsekvent eller prinsipiell, det er å vere nedlatande. Eg meiner utgangspunktet bør vere det stikk motsatte: Når enkeltmenneske opplever at gjeldande reglar er blodig urettferdige, og protesterer mot desse, er det politikarar si fordømte plikt å revurdere reglane umiddelbart.

Venstres forslag

Difor har Venstre fremma forslag i Stortinget om å endre reglane. Der foreslår vi mellom anna at barnets best skal vege langt tyngre enn i dag, og at ein i mindre grad skal leggje vekt på innvandringsregulerande omsyn. I tillegg ber vi om ei midlertidig forskrift som slår fast at born har ei særleg tilknyting til riket når dei har budd her i meir enn tre år. Dessutan ber vi om at utkastinga av dei 450 asylborna blir satt på vent til den varsla nye politikken i stortingsmeldinga «Born på flukt» er klar.

Dette er ikkje meir radikalt enn at det er minimumskravet det internasjonale samfunnet set til oss. Den raudgrøne regjeringa har sidan 2005 stramma asylskruen strammare og strammare, og har tidvis ført ein asylpolitikk som har vore i strid med menneskerettane – til dømes utsendingane av asylantar til umenneskelege forhold i Hellas, som EMD slo ned på i 2011. I 2010 vart Noreg kritisert av FNs barnekomité fordi born med sterk tilknyting til landet risikerer å bli sendt ut. Innstrammingane i asylpolitikken under dei raudgrøne har no gått så langt at til og med UDI-direktør Ida Børresen gjekk ut 5. februar og slo fast at Noreg er nødt til å mjuke opp reglane for å oppfylle grunnleggjande menneskerettslege krav.

Denne asylpolitikken har Venstre og KrF stått åleine om å kritisere i Stortinget, medan eit breidt stortingsfleirtal for øvrig har messa om at asylpolitikken er og skal vere «streng, men rettferdig». Med menneskerettsstridig vekt på det første.

Det er heller ikkje slik at ei generell liberalisering av reglane, eller midlertidige amnesti til enkelte grupper, er synonymt med å opne slusene i Deich Norwegen. I 2007 var utlendingsforskrifta endra, på bakgrunn av ein liknande situasjon som den vi opplever no. Barns beste skulle vektast tyngre, og 250 familiar fekk bli landet som resultat. I åra som har fulgt har det vore ein nedgang i asyltala. Mykje av retorikken til Stoltenberg meiner eg er rein skremslepropaganda, ikkje ulik den Frp har drive med i fleire tiår. Generelt har eg store problem med å sjå skilnad på Jens og Jensen i desse spørsmåla. Eller Erna, for den del.

Borte bra, men Etiopia best

No skal altså det same stortingsfleirtalet som med vitande og vilje har brote menneskerettane byrje å sende born «tilbake» til Etiopia. Born som aldri har budd nokon annan stad enn Noreg, skal deporterast til eit afrikansk diktatur dei knapt har høyrt om. At vi så langt er det einaste landet i Europa som meiner det er forsvarleg å sende menneske til dette landet, gjer ikkje nemneverdig inntrykk på stortingsfleirtalet.

At ein berre nylig har fått i stand returavtalen med Etiopia, er illustrerande for kvifor det er håplaust å omtale dei papirlause i Noreg som «returnektarar». Svært mange av dei anslagsvis 18.000 menneska i Noreg som bur her utan rett til opphald, kan rett og slett ikkje reise tilbake til sine heimland. Fordi det ikkje er trygt der. Eit anna slikt døme er Syria, som for augneblinken er på randen av full borgarkrig og som Noreg ikkje sender asylantar tilbake til.

Akkurat no sit det kanskje eit syrisk par på eit asylmottak ein stad i Noreg. Kanskje har dei fått endeleg avslag på asyksøknaden sin. Kanskje vil det går mange år før det er mogleg å returnere asylantar til Syria. Kanskje vil paret i mellomtida få eitt eller fleire born, som vekst opp på mottaket og lærer seg norsk, får norske vener og går i norsk skule. I mellomtida kjem foreldra seg i arbeid, sjølv om dei eigentleg ikkje har lov, og tener pengar til å forsørgje seg sjølve og borna.

Så blir det kanskje fred i Syria ein dag mange år frå no. Politiet kjem på døra og vil sende borna «heim» til landet dei aldri har sett, og statsminister Erna Solberg vil stå på stortingets talarstol og kallar borna for «returnektarar».

Ingen skal kome og fortelje med at det er rettferdig.

Å kaste ut folk frå livbåten

Det er diverre ingen tvil om at livet er eit lotteri. Somme vert fødde med taparloddet, og må sendast til land dei knapt har høyrt om og leve i konstant frykt. Somme vert fødde med gulloddet, og kan sjå fram til eit liv i sus og dus i Drammensveien 1, som del av ein familie med grunnlovsverna privilegiar. Høgre og Ap er tydelegvis svært komfortable med begge deler.

Ja, det er mange som har det vondt i verda. Og nei, det er ingen som trur at Noreg kan eller bør hjelpe alle. Men at det er mange som ikkje får plass i livbåten din, er ikkje noko gyldig argument for å hive ut dei som har vore heldige og kome seg ombord.

Difor stiller eg meg bak Venstre sine åtte forslag til ein asylpolitikk som tek større omsyn til barns beste. Men eg vil gjerne legge til eit niande forslag. Utlendingslova burde få ein ny føremålsparagraf, ein paragraf som fredsprisvinnar Moder Teresa allereie har formulert for oss:

«Give the world the best you have and it may never be enough. Give your best anyway.»

Innlegget er også publisert hos Minerva.

Raude Raymond reflekterer

Den nylig avlidne diktator Kim Jong-Il hadde ei eiga fan-side med tittelen «Kim Jong-Il looking at things», dedikert til bilete av diktatoren som studerte alt frå fabrikkar til poteter. Nokon burde snart vurderer å opprette ei side med tittelen «raudgrøne politikarar reflekterer over ting». I så måte kan Raymond Johansen sine innlegg i Dagbladet den siste tida vere ein god start.

Det er tydelegvis ikkje berre utanriksminister Jonas Gahr Støre som er ekspert på lange, verdirelativistiske refleksjonar om verda ikring oss. I kronikken «Tillit og politikk i supermaktene» deler partisekretær Raymond Johansen (Ap) sine refleksjonar rundt det pågåande amerikanske presidentvalet og den tilsvarande prosessen i det autoritære Kina.

I særleg grad kritiserer Johansen såkalla Super PACs, interesseorganisasjonar som brukar enorme pengesummar på å støtte ulike parti i den amerikanske valkampen. I kontrast til det uføreseielege rotteracet i USA, står visstnok Kina, som trass i at det er eit hardhendt diktatur legg stor vekt på «langsiktighet og stabilitet». Kinesiske leiarar «er avhengig av å ha tillit i befolkningen», og har dessutan blitt forma av «prøvelsene» under kulturrevolusjonen. Eg er ingen tilhengjar av overdriven språkbruk, men å kalle eit systematisk massemord og undertrykking av millionar av menneske for «prøvelser», er i alle fall ikkje å ta for hardt i.

At ein framståande representant for regjeringa kunne få seg til å skrive ein kronikk om Kina utan å nemne orda menneskerettar og diktatur har vakt stor oppsikt. Etter å ha fått velfortent kritikk i landets debatt- og leiarspalter, forsøker Johansen å nyansere inntrykket med debattinnlegget «Vår forståelse av Kina» 12. mars. Der stadfestar Johansen at han er klar over at Kina er eit diktatur som begår betydelege menneskerettsbrot. Det er betryggande.

Overraskande nok stadfestar likevel Johansen hovudbodskapen: Vi nordmenn har eit for positivt og nyansert syn på det amerikanske demokratiet, og eit for negativt og unyansert syn på det kinesiske diktaturet.

Vel er det grunn til å rette kritikk mot ein handlingslamma amerikansk kongress, og kanskje også mot dei store pengane som er involverte i amerikanske Super PACs. Men det får då vere grenser. Heldigvis finst der meir fornuftige røyster enn Raymond Johansen. Og – av alle stadar – fann eg éi av dei i kommentarfeltet på dagbladet.no. I første kommentar til Johansens kronikk skriv nemleg «Iqqi»: «Vel, AP. Norge har jo sin egen Super PAC; LO, som gir millioner til partiet mot klare forventninger. Det er vel ikke mye forskjell her.»

Innlegg på trykk i Dagbladet 14. mars.

Årets europear

Fredag var eg på landsmøte i Europeisk Ungdom, og fekk tildelt prisen som «årets europeer».

Dette er ein pris som tidlegare er tildelt Thorbjørn Jaglan, Eva Joly, Erik Solheim, Kristin Clemet m. fl.Å bli ein del av denne rekka prismottakarar er sjølvsagt ei stor ære for meg personleg, men framfor alt er det ein enorm inspirasjon til vidare arbeid for ja-saka i Noreg. Bakgrunnen for tildelinga kan du lese i denne artikkelen hos Europeisk Ungdom.

Her er takketalen eg holdt til landsmøtet på fredag:

Kjære Anne Margrethe, kjære med-europearar

Tusen takk for denne store æra de har vist meg i dag

Då eg først fekk vite at eg ville bli tildelt denne prisen, vart eg litt usikker. Kva var det eigentleg eg hadde gjort – som kunne måle seg med tidlegare prisvinnarar som Thorbjørn Jagland, Eva Joly, og andre dedikerte europearar som er gigantar i den norske debatten.

Eg trur noko av svaret ligg i den tida vi er inne i. Det er nemleg tøffe tider å vere EU-tilhengjar i Noreg. Eg brukar av og til å spøke med at vi er ei utryddingstruga rase. Mange av dei profilerte ja-folka i Noreg held klokeleg munn når EU-spørsmålet kjem opp i debatten, for det å kjempe for norsk deltaking i det europeiske demokratiet er langt unna å vere ei vinnarsak akkurat no – for å seie det forsiktig.

I denne vanskelege tida er det viktigare enn nokon sinne å stå opp for det ein faktisk trur på. Det har eg forsøkt å gjere, ved kvar anledning eg har fått. Eg gøymer meg ikkje for mitt eige standpunkt, og meiner det er viktigare enn nokon sinne at dei av oss som meiner Noreg faktisk høyrer heime i Europa seier det. Høgt, tydeleg og ofte.

At eg får denne prisen i dag, vel eg å tolke som ei oppmuntring til alle dei av oss som nektar å gje opp. Dei som veit at det kjem ein dag i måra. Og som veit kor viktig det er å halde engasjementet og kunnskapsnivået oppe på ja-sida, medan nei-sida enn så lenge har eit ørlite overtak på meiningsmålingane. For dei tek feil, og vi har rett, og den einaste måten dei kan vinne på er viss vi andre sluttar å kjempe. Eller som Edmund Burke ein gong sa:

«All that is necessary for the triumph of evil is for good men to do nothing».

Eg har ikkje tenkt å gjere ingenting. Og dersom det at eg får denne prisen kan inspirere andre til å fortsette å snakke om EU – i offentlegheita, på arbeidsplassen, for vener og familie – så ser eg med optimisme på EU-kampen framover. Og mens andre parti og organisasjonar sit stille i båten, går vi i Unge Venstre framover med full kraft. Difor kan eg presentere her og no, for første gong, Unge Venstre nyaste brosjyre: «Et liberalt ja til EU».

Eg kjem frå ein Venstre-familie. Både mor mi og far min er medlemmar i Venstre, og difor stemte dei naturleg nok ja og nei i folkeavstemninga i 1994. Personleg kan eg ikkje hugse heilt når eg vart for norsk EU-medlemskap. På eit vis trur eg alltid eg har vore det, utan å heilt vite kvifor. Mellom anna hugsar eg at då eg var i militæret krangla eg ganske mykje med ein nordlending i troppen min, som meinte at EU ville kome og ta fisken vår og det som verre er. Eg visste ikkje så mykje om det, men var i det minste overbevist om at han tok feil – og det var mange, sine kranglar om EU på rom 210 i Huseby Leir.

No har lært langt meir om EU. Ikkje berre at kameraten min tok feil, men engasjementet mitt er blitt ikkje berre instinktivt, men også djupt og inderleg. For nokre veker sidan gjorde eg eit portrettintervju med Sunnmørsposten, der ein mellom anna kunne lese: «Skulle du møte på

Sveinung Rotevatn og av en eller annen grunn være i beit for samtaletema, trenger du kun to bokstaver: EU. Rotevatn er ikke EU-tilhenger. Han er oppriktig, inderlig og altoppslukende begeistret EU-fan»

Mange vil kanskje tolke dette som at eg er ein slags EU-fanatikar. Det er eg ikkje. Men når eg får spørsmålet om eg er for EU eller ikkje, gidd eg faktisk ikkje svare «Jo, eg er vel det. Det er klart det er mange ulemper med medlemskap, og mange gode motargument, men totalt meiner eg vel at vi kanskje burde bli fullt medlem».

Nei, pokker heller! Eg svarar det eg meiner: EU er grunnleggjande bra, EØS-avtalen er ein forbanna vits, og det er for meg heilt openbart at det betre å ha ei hand på rattet enn å ligge i bagasjerommet. Sjølvsagt bør Noreg bli med i EU – og helst i morgon! DET er svaret eg gir.

Så skal eg likevel seie nokre ord om det som faktisk er djupt alvorleg, og det er krisa EU går gjennom akkurat no. Vi som ja-folk skal vere tindrande klare på at den krisa er alvorleg – for det er den. Det europeiske prosjektet blir rysta ved grunnvollane, og eurosamarbeidet har stått på randen av kollaps fleire gonger i løpet av det siste året. Bård Vegar Solhjell sa i går at ingen skal late som at skandalen rundt Audun Lysbakken har styrka hans leiarkandidatur. Og vi skal heller ikkje late som at eurokrisa har styrka EU si stilling.

Alle nyheitene frå kontinentet har stor innverknad på den norske EU-debatten. Det er ikkje rart at oppslutnaden om medlemskap er rekordlåg, når det knapt er mogleg å finne ein einaste avisartikkel om EU der ordet «krise» ikkje er med i overskrifta. Det er lett å bli deprimert av slik. Meiningsmålingar på 15 prosent er ikkje noko å sprette sjampanjekorken for. Med mindre du er aktiv i Venstre, då.

Det er likevel viktig å hugse ein ting: Ja, meiningsmålingar svingar. Men meingsdannande aktørar gjer det ikkje. Det er ikkje slik at Jens Stoltenberg har blitt mot EU no. Eller Jonas Gahr Støre. Eller Erna Solberg. Eller Ola Elvestuen. Eller NHO. Eller Dagens Næringsliv. Eller Bergens Tidende. Eller VG.

Det er fortsatt svært sterke krefter i det norske samfunnet som ønskjer norsk EU-medlemskap. Dei sit berre litt stille akkurat no. Forståeleg nok, diverre. Og Liv Signe Navarsete får råde TV-skjermen åleine – med dommedagsprofetiar og omtrentelegheiter.

Men ingen skal innbille meg at den dagen Jens Stoltenberg eller Erna Solberg stiller opp på TV-debatt for å fortelje Navarsete kvifor ho tek feil, at meiningsmålingane ikkje vil byrje å krype sakte oppover. Det er nemleg slik i ein kvar debatt, at når begge sider byrjar å mobilisere – og alle argument kjem på bordet – vil folk gå vekk frå ryggmargsrefleksen og faktisk tenkje over sitt eige standpunkt.

Korleis veit eg det? Fordi det var nøyaktig det som skjedde sist gong det var alvor. I november 1993 – berre 12 månadar før folkeavstemninga – var ja-oppslutnaden på fattige 21,7 prosent. I november 1994 var ein klatra opp til 47,8 prosent. Det holdt nesten heilt til mål, og ja-sida sin sluttspurt var imponerande.

Det er også fleire ting som gjer at eg meiner ein ikkje treng å vere pessmist med tanke på ein ny EU-debatt i Noreg. Det viktigaste er at vi har fått eit fornya fokus på EØS-avtalen. Kompromisset som «alle» har klart å leve med, og som gjer at det er mykje sanning i det gamle munnhellet om at «nei-sida vann folkeavstemninga i 1994, og har tapt kvar dag sidan».

Det viktigaste argumentet mot EØS-avtalen er demokrati. Det mest grunnleggjande argumentet for meg som liberalar. Ein liberalar eg har stor respekt for, er europaparlamentarikar Marit Paulsen. Ho er norskfødt, men representerer det svenske Folkpartiet Liberalerna i parlamentet. I 2003 fyrt ho av følgjande kraftsalve i VG: «Jeg hører at noen i Norge er redd for det demokratiske underskuddet i EU. Men hva er EØS? Et føydalsystem og en total demokratisk katastrofe».

I vinter kom den etterlengta Europautredningen, som på mange måtar gav Marit Paulsen heilt rett. Dei kunne dokumentere at Noreg alt i alt er med på 75 prosent av det som foregår i EU, at den såkalle «aktive europapolitikken» er lite anna enn rein informasjonsinnhenting, og at etter behandlinga av tusenvis av direktiv, har vi knapt klart å få eit einaste substansielt unntak, eller gjere ei einaste substansiell endring.

Då den massive integrasjonen i EU no vart dokumentert ordentleg for første gong, gjekk Liv Signe Navarsete ut i media og meinte det norske folk var blitt «lurt» av Stortinget. Lurt inn som eit de facto EU-medlem, trass i at folket sa nei. Javel. Men dersom Navarsete hadde lest utgreiinga ordentleg, ville ho sett at sidan 1994 har Stortinget fatta 287 vedtak om å avgje suverenitet til ulike EU-program. 265 av vedtaka har vore samrøystes, altså med Senterpartiets stemmer. Så dersom folket har blitt lurt – kven er det som har lurt dei? Er det Senterpartiet?

Ingen har blitt lurt. At Noreg er så djupt integrert i EU, er ei ønska utvikling frå dei folkevalde si side. Dei aller fleste EU-program forsøker vi aktivt å bli ein del av så tidleg som mogleg. Kvifor? Fordi det tener våre interesser! Det er bra for norske forskarar at vi er med i EU sine forskingsprogram. Det er bra for norske studentar at dei kan reise og studere i heile Europa på lik linje med andre. Det er bra for norsk fiskeindustri at vi følgjer dei same matsikkerheitsreglane som andre, slik at dei får solgt varene sine.

Så lenge 70 prosent av importen vår kjem frå EU, og 80 prosent av eksporten vår går til EU, er det ingen grunn til å ikkje vere tett integrert med våre viktigaste handelspartnarar og næraste allierte. Det veit norske politikarar utmerka godt. Og eg trur faktisk Liv Signe veit det også. Ho kjem trass alt frå Sogn og Fjordane, den skuffa som er heim til nokre av dei skarpaste knivane i dette landet.

Når EU no likevel er i krise, er det ein del krefter i ulike land som har byrja å røre på seg – og som har byrja å drøyme om ein tilværelse utanfor unionen. Nokre av dei drar til og med fram EØS og Noreg som førebilete. Ein del av desse finn ein i det konservative partiet i Storbritannia. For å stoppe uroen i eige parti, holdt statsminister David Cameron ein tale i fjor, der han var brutalt ærleg – og forklarte partifellane kva som var det eigentlege alternativet til EU-medlemskap:

«Leaving the EU is not in our national interest. Outside, we would end up like Norway, subject to every rule for the Single Market made in Brussels but unable to shape those rules»

Dette er den brutale sanninga. Eg forstår at Nei til EU jobbar med eit prosjekt som heiter «alternativer til EØS». Dei burde kanskje invitere den britiske statsministeren for å drive litt vaksenopplæring.

EØS-avtalen er også under press av andre årsaker. Då den vart underteikna bestod EU av 15 medlemsland, og vår organisasjon – EFTA – av 12. No har EU 27 medlemsland, og EFTA er nede i fire – deriblant eit Sveits som har bunde valutaen sin til euroen, eit Island på full veg inn i EU, og eit Liechtenstein på storleik med Ålesund.

Men det er Island som er viktig av desse. Kva skjer når Island blir EU-medlem? Det er for så vidt ikkje gitt at dei blir det. Men ryktene frå Brussel og Reykjavik seier at forhandlingane går veldig bra, og at islendingane er i ferd med å få ein veldig god avtale – ikkje minst på det som er sak nummer 1, 2 og 3 for islendingane: Fisk.

Eg trur Island blir EU-medlem. Men kva skjer då med EØS-avtalen? Vil EU-stole på at vi skal sitje der åleine med Liechtenstein og drive sjølvbetjening av avtalen? Vil dei akseptere at vi Noreg i praksis skal passe på seg sjølv? Og kva gjer du når EFTA-domstolen går frå tre til to dommarar – og dommarane er usamde? Eg har studert nok juss til å vite at det er ingenting som heiter uavgjort i ein domstol.

Dette er enorme uavklarte spørsmål, som kanskje har svar, men som i alle fall må lede mot ei form for avklaring den dagen Island tek sete rundt det viktigaste bordet i Europa. Eg håpar avklaringa vil medføre at vi også blir med og set oss ned rundt det bordet. I alle fall vil dette medføre debatt.

Eg registrerer at ei rekkje politikarar slår fast at «EU-spørsmålet er heilt uaktuelt i overskueleg framtid». Eg er slett ikkje så sikker på det. Dei gongane EU-spørsmålet har blitt aktuelt i Noreg, har det ikkje vore på grunn av ei plutseleg oppslutning i folket, eller eit bevisst val av politikarane. Det har blitt aktualisert når verda rundt oss har vore i bevegelse. Og folkens: EU er i bevegelse. Krisa vil få ei løysing, og løysinga vil føre til eit tettare og meir integrert EU. EØS knakar i samanføyningane, og Island er på full veg ut bakdøra og inn hovudporten i Brussel. Og Kroatia og Serbia, land som var herja av krig då ein del av oss gjekk på ungdomsskulen, har den siste månaden tatt vigtige steg på vegen mot fullt medlemskap. Dei som i 1994 snakka om at «Europa er meir enn EU», tek meir feil for kvart år som går.

Debatten kjem. Vi veit ikkje når, men vi veit at vi må vere klare. Difor er det så enormt gledeleg å sjå at Europeisk Ungdom er ein organisasjon i god vekst, og at de jobbar grundig med skolering og møteverksemd. Og at de er samla her i helga for å snakke om norsk politikks viktigaste spørsmål dei siste femti åra. Det er mykje viktigare enn de anar. For når debatten først blir aktuell, og folkerøystinga kjem, ja, då er det for seint å legge grunnarbeidet. Det arbeidet gjer vi no, og eg kan love dykk at organisasjonen eg leiar, Unge Venstre, vil vere ein trufast alliert også i framtida.

Eg nærmar meg slutten av denne takketalen, før det blir opna for spørsmål og diskusjon. I løpet av talen har eg sitert to konservative, Edmund Burke og David Cameron, men berre ein liberalar: Marit Paulsen. Det går ikkje. Vi treng ein liberalar til for å gjenopprette balansen. Eg kunne valgt å sitere Lars Sponheim, og sagt at «fred er viktigare enn kornprisar». Det er det, men eg vil heller avslutte med eit av dei vakraste og mest liberale sitata eg veit om, levert av Sir Graham Watson, leiaren for Det europeiske liberale partiet, under Venstres landsmøte i 2011. :

«Liberals must see too that supranational challenges need supranational solutions. The idea of national sovereignty is no longer valid when national governments can no longer control what happens. And supranational co-operation normally needs supranational institutions to suppport it. Institutions in which we share our sovereignty with people who share our values (…) «Enig og tro til Dovre faller», it’s a nice idea but a little old fashioned. Sharing sovereignty works, and it is a triumph of liberalism»

Det sitatet ber eg med meg som inspirasjon kvar einaste dag, heilt til Venstre har sagt eit krystallklart og rungande ja til EU. Og eg håpar at de òg vil bere med dykk det sitatet, fram til vi ein dag kan sette oss ned ved same bord som våre europeiske brødre og søstre, og diskutere vår felles framtid. Ikkje basert på kven som har dei største hærane eller dei farlegaste våpena, men på kven som har dei beste argumenta. For gløym aldri: EU handlar om fred, og vi høyrer heime i eit fredeleg Europa. Ikkje la nokon fortelje dykk noko anna.

Tusen takk for meg

Liberale sosialdemokratar?

Stortingsrepresentant Håkon Haugli og AUF-leiar Eskil Pedersen er liberale i sex & samliv-spørmål. Det er bra. Men å vere liberal handlar om meir enn det som skjer på soverommet.

I laurdagsutgåva av Klassekampen drikk Haugli og Pedersen «gravøl» over det liberale Venstre. Bakgrunnen for stuntet er at Venstre no ser ut til å følgje det signalet Unge Venstre gav på vårt landsmøte i haust: At det er politikken og ikkje partinamn som skal stå i fokus når Venstre skal forhandle om ny regjering etter stortingsvalet i 2013. Altså vil det vere duka for eit regjeringsskifte i borgarleg retning, dersom Venstre får tilstrekkjeleg politisk gjennomslag.

Dette er naturleg nok Arbeidarpartiet misnøgde med, og Pedersen og Haugli meiner Venstre ikkje vil få gjennomslag for liberal politikk i eit slikt samarbeid. Gjennom eit langt intervju i avisa kjem det likevel berre fram eitt hovudargument for å støtte denne tesa: Venstre fekk ikkje gjennomslag for å innføre ei kjønnsnøytral ekteskapslov då vi deltok i Bondevik II-regjeringa (2001-2005). Pedersen og Haugli skryt av kva den raudgrøne regjeringa har utretta på dette feltet, og Pedersen seier at «det hadde i det minste vært bra med en erkjennelse av at vi har gjort mye bra for homofiles rettigheter».

Liberal politikk i Bondevik II

Den vedkjenninga har eg ingen problem med å gje dei raudgrøne. Innføringa av den kjønnsnøytrale ekteskapslova og homoadopsjon var viktige liberale kampsaker, som Venstre har kjempa for sidan 2001, og heilhjarta støtta på Stortinget då forslaget kom frå regjeringa. Eg har heller ingen problem med å erkjenne at dette var saker det var utfordrande å få gjennomslag for i regjeringssamarbeid med konservative Høgre og KrF. For å seie det slik.

Samstundes fekk Venstre tiltrekkjeleg liberalt gjennomslag i Bondevik II-regjeringa til at det var eit prosjekt vi kunne stå inne for. Av viktig liberal politikk som vart gjennomført kan eg mellom anna nemne:

  • Fjerning av lausgjengarparagrafen i straffelova
  • Ein meir human narkotikapolitikk med fokus på helsehjelp og ikkje straff
  • Viktige liberaliseringar i den planøkonomiske landbrukssektoren
  • Opning for fleire friskular, som sikrar mangfald i utdanningstilbodet og valfridom for den einskilde elev
  • Fjerning av toppskatten for 235.000 vanlege arbeidsfolk
  • Ein asylpolitikk som var langt meir liberal enn praksisen til dei raudgrøne – skjønt med betydeleg rom for liberalisering
  • Oppmjuking av arbeidsmiljøloven, for eit meir fleksibelt arbeidsliv tilpassa den einskilde
  • Innføring av statlege belønningsmidlar for kollektivrafikk – som har ført til store miljøinvesteringar i byane

Så fekk ein likevel ikkje gjennomslag for ei kjønnsnøytral ekteskapslov, som den raudgrøne regjeringa skal ha honnør for å ha gjennomført. Eg er likevel usikker på om dette åleine er tilstrekkeleg til å kunne hevde at «Ap hever den liberale fanen høyt», slik Ap-representantane påstår i Klassekampen. For det å vere liberal handlar faktisk om meir enn sex og samliv. Det viktigaste målet for ein liberalar er å setje folk fri, herunder å avgrense statens makt over individet. Det gjeld både på soverommet, på internett og i arbeidslivet.

Den demokratiske sosialismen

Så, er Ap liberale? Eg tok ein liten gjennomgang for meg sjølv, både av historiske og noverande standpunkt, og kom fram til følgjande innvendingar:

  • Arbeidarpartiet er for statskyrkje.
  • Ordet «personvern» er ikkje nemnt i Arbeidarpartiets stortingsprogram.
  • Den naturlege oppfølgjinga av dette er sjølvsagt at Arbeidarpartiet støtta datalagringsdirektivet då det vart pressa gjennom Stortinget ved hjelp av Høgres stemmer i 2011. Den fremste forkjemparen på sosialdemokratisk side var – nettopp – Håkon Haugli. DLD er det verste dømet vi har sett i norsk historie på masseovervaking, der ein i tillegg snur uskuldspresumsjonen på hovudet og etablerer eit prinsipp om at alle er potensielle kriminelle – og bør overvåkast som sådan.
  • Dette er ikkje det første dømet på overvaking frå Ap si side. Det enorme overvakingsregimet  som vart utført av POT etter krigen, vart også innført av Ap – og forsvart av Gro Harlem Brundtland på 90-talet med den smått legendariske uttalelsen «ingen har vondt av å bli registrert».
  • Fram til 1981 var ikkje Arbeidarpartiet eit sosialdemokratisk parti, men hadde som mål å skape eit sosialistisk samfunn – i tråd med partiets revolusjonære/marxistiske utgangspunkt. AUF sluttar seg framleis til den demokratiske sosialismen, i følgje eigne heimesider.
  • Arbeidarpartiet innførte innvandringsstopp på 70-talet, etter påtrykk frå LO som var redde for norske arbeidsplassar.
  • Gjennom dei siste seks åra i regjering har dei raudgrøne, med Ap som hovudmotor, innført det strengaste innvandringsregimet i norsk historie. Ein fører ein asylpolitikk som er så stram at den ikkje kan strammast inn meir, med tusenvis av ulukkelege menneskeskjebner som resultat. Dette har ført til at sjølvaste UDI-direktøren fann det for godt å gå ut i media for å be regjeringa mjuke opp – ei historisk hending.
  • Regjeringa kom med eit utkast til klimaforlik i 2008 som ikkje var i nærleiken av å vere ambisiøst nok. SV satte si lit til opposisjonen, og fekk hjelp av Venstre, Høgre og KrF til å skjerpe ambisjonane – mellom anna med det mykje omtalte regnskogprogrammet.
  • Forliket er likevel berre ein start som satte ambisjonsnivået – no ventar vi på regjeringa si klimamelding som skal konkretisere tiltaka som skal gjennomførast. Den har så langt blitt utsatt fire gonger – og er i praksis utsatt på ubestemt tid. Hovudårsaka er at Ap blokkerer, berre spør frustrerte SV-politikarar.
  • For ein liberalar er like rettar heilt grunnleggjande. Også til velferdsgoder. Her har Ap tradisjonelt vore motpolen i norsk politikk, som har kjempa for særrettar – som regel for fagorganiserte. AFP-ordninga er eit døme på dette.

Haugli og Pedersen har heilt rett i at det er utfordrande for Venstre å få godt gjennomslag for liberal politikk i samarbeid med dei andre opposisjonspartia. Utfordrande, men på ingen måte umogleg. Og det blir sjølvsagt enklare jo større og sterkare Venstre blir.

Det kan likevel vere lurt av dei unge Ap-politikarane å sjå seg sjølve i spegelen, og ta ein titt på kva som faktisk skjer på raudgrøn side. For der er det ikkje Ap som slit med å få gjennomslag for liberal politikk hos regjeringspartnarane. Der er det Ap som er sjølve bremseklossen.

Eg trur på AUF når dei seier at dei ønskjer ein meir human asylpolitikk og ein ambisiøs klimapolitikk. Problemet er at dei driv valkamp for eit politisk parti som ønskjer det stikk motsatte, og no rustar seg opp til å gjere det for tredje gong. Det er ein kamp for å undergrave liberale verdiar i norsk politikk, ein kamp AUF ikkje bør lukkast med. Eg skal i alle fall gjere mitt beste for å hindre det – åtte år med raudgrønt vanstyre er nok. Meir enn nok.

—-

Debatten på Politisk kvarter mellom underteikna og Eskil Pedersen kan du høyre her.

Tilsvarande debatt på NRK Morgennytt kan du sjå her (frå ca. fem minutt)

—-

Ap og Frp er forresten ikkje så ulike som mange kanskje trur. I alle fall ikkje i innvandringspolitikken. I valkampen laga eg ein quiz der eg samanstilte ulike Ap- og Frp-standpunkt – den kan du ta her.

Ikkje alle born leikar krig

I dag er det den internsasjonale barnesoldatdagen. I høve markeringa har leiar i Røde Kors Ungdom, Knut Sverre, vald å stille opp som gjestbloggar her på bloggen min. Han set fokus på ei viktig sak, som definitivt set ting i perspektiv. God lesnad.

Ikke alle barn leker krig

I dag markeres Den internasjonale barnesoldatdagen. Samtidig deltar nærmere 300.000 barn og unge i krig eller konflikt, enten med våpen i hånd, eller som kokker, bærere, spioner og sexslaver. En katastrofe, ja, men den er ikke uhåndterbar. Verden kan få en slutt på bruk av barnesoldater i vår tid – hvis vi vil.

Av Knut Sverre, leder i Røde Kors Ungdom

Verden sies å ha blitt en fredligere plass de siste tiårene, med færre kriger på alle kontinenter. Konflikttypene er også annerledes. Nå utspiller de seg i større grad internt i land, mellom rivaliserende grupper eller mellom statlige styrker og opprørere, slik det siste årets arabiske vår har vært et eksempel på.

Men færre konflikter betyr ikke at de krigførende partene nødvendigvis blir flinkere til å overholde krigens regler. Angrep på medisinsk personell og overgrep mot sivile hører fortsatt krigshverdagen til. En av de mest utsatte sivile gruppene er barn og unge. Ikke bare drives de på flukt, men mange av dem rekrutteres inn i militser og væpnede grupper. Enten fordi de har mistet foreldrene og ikke ser en annen utvei, eller fordi de blir kidnappet og tvunget inn.

Påvirket av rus og under sterkt psykisk og fysisk press må de utkjempe de voksnes krig. Om de ikke tar del direkte i krigshandlingene, blir de gjerne brukt til ulike ”servicefunksjoner” for gruppene eller de må operere bak fiendens linjer som spioner. 40% av barnesoldatene er jenter. De står enten i frontlinjen eller tvinges til å være såkalte ”bush wifes”, sexslaver for de andre soldatene. Ofte medfører disse overgrepene både alvorlige sykdommer og graviditet.

Det internasjonale lovverket har ulike standarder for rekruttering av mindreårige. Genevekonvensjonene sier at ingen skal rekruttere barn under 15 år til væpnede grupper og styrker, en latterlig lav grense. Andre konvensjoner, som Tilleggsprotokollen til FNs barnekonvensjon, forbyr all rekruttering av personer under 18 år til væpnede grupper, men tillater fortsatt rekruttering f.o.m. 16 år til statlige styrker. For opprørere, militser og geriljagrupper er det altså forbudt å bruke mindreårige, men stater får fortsatt lov til å drive opplæring og trening av slike.

Knut Sverre


Tilleggsprotokollen omtales i dag som det beste lovverket verden har på dette området, men det er fortsatt 28 land i verden som hverken har signert eller ratifisert den, og 22 land som har signert, men ikke ratifisert. Og selv om protokollen er et viktig og nødvendig skritt på veien, forbyr den likevel ikke all bruk og rekruttering av personer under 18 år.

Det er nettopp dette som er Røde Kors Ungdoms målsetting gjennom deres toårige kampanje på barnesoldater. Organisasjonen har siden sommeren 2010 stått på gater og torg for å informere oss om problemet som nyter svært lite oppmerksomhet ellers. Røde Kors Ungdom har i tillegg tatt opp temaet på Den internasjonale Røde Kors-konferansen og samlet inn støtte til kravet om et totalforbud mot bruk og rekruttering av personer under 18 år, enten det er til statlige styrker eller andre væpnede, uoffisielle grupper. Både utenriks- og utviklingsminister har signert kravet.

For er det etisk forsvarlig å la en 16-åring binde seg til et liv i skuddlinjen? Er det fullstendig frivillig, eller kan det være økonomiske årsaker som ligger bak ønsket om å trekke i uniform? Kanskje blir de presset hjemmefra? Vet en 16-åring egentlig hva det innebærer å gå inn i militæret?

En undersøkelse gjort i Storbritannia, det eneste landet i EU og av FNs Sikkerhetsråds faste medlemmer som rekrutterer fra 16 år, viser at de yngste rekruttene i langt større grad enn andre blir utsatt for mobbing, og graden av selvskading og selvmord ligger også høyere. I tillegg binder de unge rekruttene seg til tjeneste som strekker seg lengre enn 18-årsdagen deres. En avtale de inngikk som 16-åringer kan føre dem rett i frontlinjen som 18-åringer, uten mulighet for å gå ut av kontrakten.

Vi kan anta at disse tallene gjenspeiler situasjonen til de fleste mindreårige som rekrutteres inn i statlige styrker. ”Catch them while they’re young” viser seg å være mantraet, og fanget blir de – til langt over myndighetsalder.

Kampen mot bruk av barnesoldater bør derfor ha to parallelle spor. For det første må alle land ratifisere Tilleggsprotokollen til barnekonvensjonen, og ikke minst følge den opp med rettslige midler, slik at brudd på reglene fører til en straffeprosess. For det andre må det komme på plass et totalforbud som også hindrer statlige styrker i å rekruttere personer under 18 år.

Norge kan jobbe på begge sporene. Norske myndigheter kan stille krav til land vi samarbeider med, for eksempel land vi sender bistandsmidler til, og sette ratifisering av Tilleggsprotokollen som en forutsetning for videre bistandsoverføringer. Regjeringen kan også ta et internasjonalt initiativ til å danne en allianse av land som krever et totalforbud, og starte prosessen for å få i stand en bindende avtale. I samtaler med våre allierte, kan vi også ta opp rekruttering av mindreårige til statlige styrker.

Å bruke mindreårige til å utkjempe kriger er effektivt. Barn stiller ikke kritiske spørsmål og de adlyder maktpersoner uten å mukke. Men de er også de mest sårbare blant oss, og kan gjennom både trening og reell krigføring få traumer som varer livet ut. Mange av dem kan bli farlige for resten av samfunnet. Problemet er stort, større enn vi hører om til daglig. Men det er ikke uoverkommelig. En glemt katastrofe kan få en ende.

God barnesoldatdag!


PS. Gi din støtte til rehabilitering av tidligere barnesoldater i Liberia. Gå inn på www.barnesoldat.no og støtt Røde Kors Ungdoms innsamlingsaksjon.

Et forsvar for spynorsken

Nynorsken er på vikende front, og nå vurderer kunnskapsminister Kristin Halvorsen å fjerne egen karakter og eksamen i sidemål. Hun bør tenke seg nøye om, for det vil i praksis innebære aktiv dødshjelp for nynorsk som bruksspråk.

1907 ble sidemålsstilen innført i norsk skole. Tanken var at når nasjonen hadde to offisielle målformer, burde alle elever ha et solid grunnlag i begge. Det ville gi alle borgere reelle muligheter til å faktisk velge hovedmål selv. Og ikke minst: At borgere som velger ulike hovedmål likevel skulle kunne kommunisere med hverandre og jobbe sammen språklig.

Omtrent siden den gangen og frem til i dag har hovedkritikken mot ordningen vært at elevene blir dårligere i sitt eget hovedmål av å måtte bruke tid på å lære et sidemål. Dette er en kritikk som har noe for seg i teorien, men som i praksis ikke er dokumentert. Tvert i mot er hovedtendensen at man blir bedre i språk av å lære mer språk. Det er også dokumentert at nordmenn i større grad enn svensker og dansker har lett for å forstå ulike dialekter, så vel som våre skandinaviske søsterspråk. Dette tilskrives i stor grad den unike språksituasjonen i Norge.

Feilslutning av dimensjoner

Jeg er for mer valgfrihet i skolen. Ikke minst på videregående mener jeg det må være større rom for å velge ulike fagkombinasjoner og spesialiseringsgrader. Men noen fag må ligge fast, fordi de er så grunnleggende for forutsetningene til å mestre andre fag – og svært mange jobber (for nynorsk sin del anslått til ca. 500.000). Det handler i hovedsak om norsk, engelsk og matte.

De fleste er enige om at begge målformer må være en del av norskfaget. Men svært mange mener at det er unødvendig å ha egen karakter og egen eksamen i sidemål, og man heller kan lære sidemål gjennom å lese tekster og kanskje skrive litt av og til. Dersom målsetning er at man skal bli bedre i sidemål, tror jeg dette er ein feilslutning av dimensjoner. Det er opplagt at både lærere og elever naturlig nok vil nedprioritere sidemålet enda mer enn i dag dersom de ikke skal testes i det. Det forstår alle som kan noe om incentivstrukturer. Jeg har heller ikke registrert stemmer i debatten som tror elevene vil bli bedre i naturfag av å fjerne naturfagkarakteren.

Norskfaget er for omfattende

Jeg er likevel enig i at norskfaget har blitt for omfattende. Men dette skyldes i liten grad sidemål, som (som sagt) har vært der siden 1907. Det skyldes heller at norskfaget har blitt et slags sekkefag der man putter inn alt som ikke helt passer inn andre steder, slik som kulturhistorie, kommunikasjon, retorikk, reklameforståelse og mye annet. Om det er noe som burde være valgfritt er det etter mitt syn ikke gitt at sidemål står øverst på listen.

Dessverre frykter jeg at kampen mot sidemålsfaget egentlig er en skjult kamp mot nynorsken som sådan.

Det er helt fair å mene at man bare skal ha én målform i Norge. Men da er det eventuelt det man bør kjempe for. Å sakte undergrave nynorsken gjennom å svekke sidemålsfaget mener jeg er uredelig, og egentlig ganske feigt.

Minoritetsrettigheter

Hele poenget med at alle skal ha et grunnlag i begge målformer er jo at alle norske borgere skal kunne bruke hovedmålet sitt. Det hjelper fint lite å være god i nynorsk (eller bokmål), dersom de du skal jobbe med ikke har snøring. Da vil naturlig majoritetsmålformen dominere, og etter hvert ta helt over. Det vet alle vi som bruker nynorsk til vanlig. Når jeg skriver kronikker sammen med andre, eller på andre måter produserer felles skriftlige arbeider, ender vi alltid opp med å skrive bokmål. Rett og slett fordi de fleste bokmålsbrukere ikke har godt nok grunnlag til å kunne jobbe på nynorsk. Dette er sågar tilfelle når flertallet av de jeg jobber med skriver nynorsk, siden de fleste nynorskbrukere behersker bokmål betydelig bedre enn vice verca.

Jeg har for øvrig aldri hatt en jobb der jeg ikke har måtte ha et godt grunnlag i begge målformer. Det har vært tilfelle hele tiden mens jeg har jobbet i Venstre/Unge Venstre, som er landsdekkende organisasjoner. Det var tilfelle da jeg jobbet som journalist i en avis som brukte nynorsk. Og det var tilfelle da jeg jobbet som arbeidsgruppeleder ved Universitetet i Bergen, og måtte kommentere og rette skriftlige arbeider levert på begge målformer.

Jeg er glad jeg fikk et godt grunnlag i sidemål da jeg gikk på skolen. Derfor kan jeg blant annet skrive dette blogginnlegget på bokmål, selv om jeg vanligvis skriver på nynorsk – som faller meg mest naturlig. Jeg vil oppfordre alle mine bokmålsbrukende lesere til å tenke over følgende spørsmål: Kunne du gjort det samme?

Forstod ikke nynorsk

Så lenge både nynorsk og bokmål er lovlige målformer, er alle nordmenn i sin fulle rett til å bruke dem i alle sammenhenger. Dersom man for eksempel skal studere ved et universitet, er foreleseren i sin fulle rett til å bruke sin egen målform oppgavetekster, i pensum og i forelesninger. Jeg har selv tatt fag med bokmålsbrukende studenter som rett og slett ikke forstod nynorsken de hadde foran seg. Det forteller meg at sidemålsundervisningen er for dårlig. Det forteller meg at den ikke bør svekkes ytterligere.

Tvert imot burde undervisningen i sidemål endres og styrkes, for eksempel gjennom at man kan benytte læremidler på sidemål i andre fag enn norsk, og gjerne fra et tidligere stadium i utdanningsløpet. Da vil begge målformer bli en mer naturlig del av hverdagen. Eller kanskje man bør avslutte sidemålsundervisningen og gjennomføre eksamen i 2. klasse på videregående? Da vil man få et større fokus på faget, og unngår at det kommer på toppen av alt annet.

Aktiv dødshjelp

I bunn og grunn handler god norskundervisning om like muligheter. Det handler om at alle nordmenn skal kunne bruke den målformen som faller dem mest naturlig, og kunne bruke denne i studie- og yrkesliv.

Så er et likevel slik at nynorsken er på vikende front mange steder, og dette er sannsynligvis en selvforsterkende effekt. En elev på Fagerborg videregående skole sa i går at «nynorsk er et utdøende språk, og det må vi hjelpe til å drepe». Det er jeg ikke i tvil om at mange mener. Jeg er likevel ikke blant dem. Og jeg håper ikke Kristin Halvorsen er det heller.

En av Unge Høyres mindre sympatiske kampanjeplakater.

Norsk media: Uforståeleg kroatisk EU-medlemskap

I går kveld sa eit dundrande fleirtal ja til kroatisk EU-medlemskap gjennom folkerøysting. Det var tydelegvis vanskeleg å forstå for norsk media.

Det mest påfallande med dekninga av den kroatiske folkerøystinga er sjølvsagt kor fråverande den er. Norsk media har tradisjonelt vore lite interessert i EU-relatert journalistikk, med mindre det dreier seg om EØS-trugsmål mot norske særordningar som har å gjere med alkohol, gambling og/eller reklame. At EU no får sitt 28. medlemsland, ei hending som mest sannsynleg er starten på ei full inkludering av Balkan i det europeiske fellesskapet, er ei hending av dimensjonar. Også for Noreg. Aftenposten, landets største avis, omtalar i dag folkerøystinga gjennom ein notis.

«Propaganda»

Men la det ligge. Meir interessant er det at den dekninga som faktisk har vore av folkerøystinga har vore svært skeiv, på grensa til kampanjejournalistikk. Avisa Nationen nytta følgjande overskrift: «Kroatene sa nølende ja til EU». At over 2/3 av veljarane seier ja til EU-medlemskap, midt i unionens verste krise nokon sinne, er altså eit «nølende ja». Gitt omstendene meiner eg nesten det er meir nærliggjande å karakterisere eit slikt ja til EU som euforisk. BBC omtalar resultatet som «a solid majority».

Om eg skal legge godvilja til, kan artikkelen lesast slik at overskrifta «nølende» er ei slutning frå at valdeltakinga var relativt låg (44 prosent). For det første har meiningsmålingane vist dundrande ja-fleirtal i lang tid, noko som sannsynlegvis har påvirka mobiliseringa foran valdagen. For det andre er vi bortskjemt med eksepsjonelt god valdeltaking her til lands. Ved sist parlamentsval i Kroatia var til dømes valoppslutnaden 59 prosent.
Artikkelen er i hovudsak basert på ei NTB-melding, som har vore på trykk fleire stadar. Artikkelen hevdar mellom anna at kroatane dei siste vekene har blitt «bombardert med EU-vennlig propaganda i form av avisannonser og plakater». Ja vel? Kva grunnlag har NTB for å skrive dette? I formuleringa ligg sjølvsagt ein implikasjon om at valet ikkje var rettferdig og redeleg, noko som er ein rimeleg drøy påstand som krev solid dokumentasjon.

Vidare vert det hevda at «[d]et er nå stort sett bare ledende politikere som er utelukkende begeistret for EU-prosjektet». Altså – indirekte – at det kroatiske ja-et er noko elitane har drive gjennom. For det første bør det nemnast at alle dei viktige partia i Kroatia var for medlemskap. For det andre talar eigentleg 66 prosent fleirtal for seg sjølv.

Overnasjonalt diktatur

Til sist vil eg nemne biletbruken i sakene – kanskje det viktigaste elementet når det gjeld kva kjensler ein artikkel skal vekke hos lesaren. I Aftenpostens sak er illustrasjonsbiletet ein skuffa EU-motstandar, ikkje ein jublande EU-tilhengjar. I NTB-meldinga er illustrasjonsbiletet ein kampanjeplakat mot kroatisk EU-medlemskap. Og i Nationens sak er illustrasjonsbiletet Den sosialistiske republikken Kroatia sitt flagg, altså flagget som vart nytta då Kroatia var ein del av diktaturet Jugoslavia. Dette siste er eigentleg så komisk at eg ikkje klarer å hisse meg opp over det. Kva i alle dagar meiner Nationen med å bruke dette flagget som illustrasjon? At Kroatia no med sitt ja til EU går tilbake til stillinga som lydstat i eit overnasjonalt diktatur?

Oppdatering: Etter at eg publiserte blogg-artikkelen, har Nationen tatt kontakt og fortalt at biletet no er endra. Her kan du sjå ein skjermdump frå det første oppslaget.

Det kroatiske folkets solide ja til EU er eigentleg ei utruleg hending. Det er ei sterk tillitserklæring til eit prosjekt som for tida har store utfordringar, både økonomisk og demokratisk. Kroatane trur på EU-prosjektet, og folkerøystinga i går gjev god grunn til optimisme både på vegner av Balkan, på vegner av EU og ikkje minst på vegner av EUs 28. medlemsland. Norsk media si dekning av saka gjev derimot lite grunn til optimisme for EU-journalistikken her til lands.

Flagget til Den sosialistiske republikken Kroatia, som Nationen fann det passande å illustrere artikkelen sin med.

Landet utan sjølvtillit

EØS-utgreiinga slår fast det vi visste frå før: Noreg er tett integrert i Europa, og fullstendig utan moglegheit til å påverke. Det er slik vi likar det best.

Ein seier gjerne at det er «typisk norsk å vere god». Vi er «verdas rikaste land», er verdas beste i vinteridrett, og har elles lite eller ingenting å lære av andre. Dette er ein gjenkjenneleg, men like fullt karikert versjon av det norske sjølvbiletet.

Realiteten er at vi er eit land med kronisk dårleg sjølvtillit. Vi veit utmerka godt at vi er eit lite land, og at det er andre enn oss som tek dei store avgjerslene i verda. Diverre dreg vi ofte denne innsikta for langt, og gjer oss sjølve mindre enn vi faktisk er. EU-debatten er det fremste dømet på dette. Det vanlegaste nei-argumentet eg møter blant folk flest, er nemleg at ein ikkje trur Noreg vil vere i stand til å påverke på innsida. Vi vil vere for små.

Sniktitting i Brussel

Joda, sjølvsagt går diskusjonen dei sedvanlege rundane rundt landbrukspolitikk, fiskeri, sjølvråderett, euro og så bortetter. Men etter dei fleste opplyste diskusjonar vil ein kome fram til det same som EØS-utgreiinga: Vi sit tjukt i det med begge beina allereie. Noreg er med på Schengen-samarbeidet om grensekontroll, på EUs-forsvarssamarbeid, på EUs justis- og politisamarbeid og ikkje minst; EØS-avtalen, den mest omfattande internasjonale avtalen Noreg nokon gong har signert på, som sidan 1992 har ført til innføringa av meir enn 8000 felleseuropeiske reglar i norsk lovverk.

Den såkalla «aktive europapolitikken» består stort sett i informasjonsinnhenting frå Brussel. Stortinget driv sandpåstrøing i stor stil, og norske diplomatar i Europas hovudstad brukar tida si på å drive lobbyverksemd mot svenskane og danskane, og ber tynt om å få sniktitte i sakspapir vi ikkje har tilgang til sjølve.

Vrir seg i stolen

Ein kan få ein flau smak i munnen av mindre. Og EU-motstandarar byrjar vanlegvis å vri seg litt i stolen på dette tidspunktet i diskusjonen. Og etter kvart innser ein realitetane: Noreg er ein del av det europeiske byråkratiet, men ikkje det europeiske demokratiet. Men det er då ein kjem til det som faktisk er kjerna i problemet: Vi lever overraskande godt med situasjonen. Fordi vi rett og slett ikkje trur at vi vil vere i stand til å påverke frå innsida. Vi tenkjer at eit lite land umogleg kan få noko særleg å seie uansett. Vi tenkjer at 13 av 754 sete i Europaparlamentet er så lite at det er like greit å bli heime.

Men sjølv om vi ikkje vil vere med og ta avgjerslene, har vi få problem med å vere med på spelet når reglane først er etablert. Vi er, og har alltid vore eit land som er rikt på naturressursar, og som er avhengig av eit godt forhold til våre naboland, både med tanke på tryggleik og handel. Vi forstår at det i eit slikt samarbeid må vere felles reglar. Vi forstår til og med at dette ofte kan vere viktig, til dømes kva gjeld miljøspørsmål. Vi vågar berre ikkje å gje oss i kamp med våre naboar for å påverke desse reglane. Vi satsar på at det går bra utan oss.

Guten på sidelinja

Rett nok ser vi problemet med å stå på gangen medan vår felles framtid bli avgjort på møterommet, men vi har lært oss å leve med det. Om ikkje anna så slepp vi å bli audmjuka gjennom politiske tap, vi slepp å ta ansvar for upopuære avgjersler og vi har kort veg til nødutgangen.

På eit vis føretrekk vi faktisk null innflytelse framfor litt innflytelse med risiko for å bli overkøyrt. Vi er som ein liten gut som ikkje vil vere med på fotball i friminuttet, av frykt for at han ikkje er god nok. Då er det betre å stå på sidelinja og følgje litt med på det som skjer, putte hendene trygt i lomma, og seie til seg sjølv og andre at «eg kunne vore med om eg berre ville».

Det er på tide at den vesle guten på sidelinja kjem over mindreverdskomplekset sitt og blir med i spelet på bana. Ja, andre enn han vil vere dei som dominerer spelet. Men sjølv den minste guten på bana kan spele ei avgjerande rolle for resultatet. Han kan vere med på strategimøtet før kampen. Han kan score det avgjerande målet. Guten på sidelinja, derimot, er det faktisk ingen som bryr seg om.

Innlegg på trykk i Dagens Næringsliv 20. januar

Eg – ein fagforeiningshatar?

Etter å ha ytra meg kritisk om gårsdagens politisk streik mot vikarbyrådirektivet, blir eg skulda for å vere «fagforeininghatar». Det er eg ikkje. Men eg meiner fagforeiningane har mykje å skamme seg over.

For første gong på fleire år gjennomførte i går norske fagforeiningar ein politiske streik. Altså ikkje ein streik på grunn av usemje om lønsforhandlingar, men ei rein politisk ytring. Tusenvis av arbeidarar over heile landet la ned arbeidet i protest, og tok til gatene i poltisk misnøye. Dette er ikkje daglegkost, i alle fall ikkje utanfor Frankrike.

Kva fekk landets arbeidarar til å forlate arbeidsplassane sine? Det var kampen mot at vikarar skal ha like løns- og arbeidsvilkår som fast tilsette. Ja, det er heilt sant. Denne merksnodige kampen mot EUs vikarbyrådirektiv, som sikrar likebehandling av vikarar og fast tilsette, har tiltatt i styrke dei siste månadane. Fleirtalet av LOs medlemsforbund krev at Noreg brukar reservasjonsretten, det same gjer SV og Senterpartiet. Arbeidarpartiets stortingsgruppe har likevel vore fornuftige nok til å godta direkivet, noko som har utløyst mykje sinne på venstresida.

Redd for å miste makt

Eg har for mitt beste liv forsøkt å forstå kva fagforeiningane har imot dette direktivet. Eg har etter kvart fått to svar:

1) Hovudproblemet er ikkje innhaldet i direktivet, men at dette kjem frå EU (sic!). Sidan EØS-avtalen er ein dynamisk avtale, fryktar dei at EF-domstolen potensielt skal kunne kome til å tolke direktivet i arbeidarfiendtleg retning i framtida.

2) Fagforeiningane er redde for at ei styrking av løns- og arbeidsvilkår for vikarar vil føre til meir vikarbruk. Vikarar er sjeldan fagorganisert, og dermed kan fagforeiningane som sådan miste noko av maktbasen sin.

Oppsummert handlar altså streiken om at fagforeiningane er redde for å miste si eiga makt, at dei mislikar at forslag til styrking av arbeidarrettar skal kome frå andre enn dei sjølve, og at dei er usikre på korleis ei eventuell framtidig utvikling i EØS-avtalen vil bli. Som Aftenposten kommenterer på leiarplass i dag: «Hvis usikkerhet og tvil om om hvordan fremtiden kommer til å arte seg skulle være streikegrunnlag, ville det ikke bli gjort mange arbeidsslag her i landet».

Frå gårsdagens streik på Youngstorget i Oslo.

«LO-pampar»

Dette er bakgrunnen for at eg skreiv følgjande twittermelding i går ettermiddag: «LO-pampar over heile landet streikar for å hindre like arbeids- og lønsvilkår for vikarar. Dei burde kome seg tilbake på jobb». Svara lot ikkje vente på seg, og frå alle baugar og kantar hagla det med skuldingar om at eg (og Unge Venstre) «hatar» fagforeiningar.

Det gjer vi ikkje. Fagforeiningar spelar ei viktig rolle i samfunnet, og det er grunnleggjande bra at arbeidarar kan organisere seg til felles innsats for gode løns- og arbeidsvilkår. Det eg derimot er djupt kritisk til er korleis fagforeiningar alt for ofte er meir opptekne av å styrke si eiga makt enn kva som er bra for samfunnet og den enkelte arbeidar.

Streiken mot vikarbyrådirektivet er eit sterkt døme på det. Eit anna døme er den fullstendig misforståtte kampen mot postdirektivet (som eg har skrive om tidlegare). Eit tredje døme er den dogmatiske motstanden mot å gjere det lettare å arbeide i alternative turnusordningar, eller å arbeide som midlertidig tilsett. Slike tiltak vil gjere det lettare å kome inn på arbeidsmarknaden, og det vil gjere det lettare for fleire å arbeide i heiltidsstillingar. Men fagforeiningane er diverre meir opptekne av dei som allereie har to føter godt innanfor arbeidsmarknaden enn dei som står utanfor og treng ein fot innanfor. Det er ikkje spesielt solidarisk, for å seie det mildt.

Pengar i byte mot innflytelse

Det som likevel provoserer meg mest med rolla norske fagforeiningar generelt, og LO spesielt, er alle særordningane dei nyt godt av. Det fremste dømet er sjølvsagt fagforeiningsfrådraget på skatteseddelen, som gjer at alle som er fagorganisert kan trekke frå 3750 kroner på skatten kvart år. Eg er oppteken av organisasjonsfridom, herunder retten til å ikkje vere organisert, og meiner det er ganske grovt at dei som ikkje er organisert må betale meir i skatt for å subsidiere medlemskapen til dei som vel å organisere seg.

Dette frådraget vart for øvrig dobla då den raudgrøne regjeringa vart vald i 2005, noko som gjer at fagforeiningane kan skru opp kontingentsatsane. Jens Stoltenberg, som lova på tru og ære at han ikkje skulle gje eitt øre i skattelette før det skein av eldreomsorgen, starta altså regjeringsperioden med å gje ein halv milliard i skattelette til sine eigne i fagrørsla. Når ein tek med i reknestykket at LO har fast representasjon i Arbeidarpartiets sentralstyre, og gjev millionar i valkampstøtte til dei raudgrøne partia, er det vanskeleg å ikkje kalle dette korrupsjon. Ja, det skjer i det opne, og det er ikkje ulovleg. Men det er like fullt pengar i byte mot direkte politisk innflytelse.

16 millionar på valkamp

Då eg for første gong skulle vere med og vedta eit kommunebudsjett i fjor haust, oppdaga eg nok ein særfordel som blir fagforeiningane til gode. For medan vi som folkevalde måtte sitje og kutte i lærarstillingar på grunn av eit trangt kommunebudsjett, var kommunen forplikta til å betale lønna til Fagforbundets hovudtillitsvalde i kommunen. Dette er eit fast punkt i Hovudavtalen, og var ikkje mogleg å rikke på. Her snakkar vi altså om eit Fagforbund som brukte over 16 millionar kroner på valkamp for dei raudgrøne under fjorårets kommuneval. Fagforbundet brukte med andre ord meir pengar på valkamp enn Høgre og Frp til saman, og hadde eit annonsebudsjett som åleine var større enn Venstre og KrFs samla valkampbudsjett. Men sine eigne tillitsvalde kan dei altså ikkje betale lønna til, det skal veljarane gjere over skatteseddelen. Det er ikkje berre urettferdig, det er rett og slett frekt.

Så – er eg ein fagforeningshatar? Nei, det er eg ikkje. Men som liberalar er eg er djupt kritisk til den enorme makta fagforeiningane har, og ikkje minst til korleis dei brukar denne makta. Det burde fleire vere.