Meir innvandring, takk!

Det er vel og bra å diskutere integrering, men i eit lengre perspektiv er den største utfordringa vår faktisk å få fleire til å velje Noreg som sitt nye heimland.

Dei siste åra har integreringsdebatten rulla og gått. Og den har rulla særleg mykje når det med jamne mellomrom kjem framlegg om å forby/påby eit eller anna, som hijab-forbod eller statsborgarskapseid.

I slike debatter er det viktigaste for politikar å slå fast at «no må vi våge å ta debatten». Dette er ikkje akkurat eit vågalt utsang, sidan vi trass alt snakkar om det mest utdebatterte temaet i norsk politikk. Dessutan blir slike utsagn sjeldan fulgt av konkrete tiltak eller nytenkjande politikk.

Integrering er viktig. Men integreringa i Noreg går då også etter alle solemerke særs bra. No treng vi eit anna fokus, ein ny debatt vi må «våge å ta»; nemleg korleis vi skal tiltrekkje oss fleire varme hender og kloke hovud.

Verdas honningkrukke

Er det ei utfordring å få folk til å kome til Noreg? Om ein følgjer det daglege mediebiletet skulle ein ikkje tru det, snarare gjev det eit godt grunnlag for å stadfeste vårt nasjonale sjølvbilete som verdas desidert mest attraktive honningkrukke.

Dette sjølvbiletet er diverre ikkje heilt i tråd med røyndomen. Kvart år har opptil 5000 faglærte innvandrarar utanfrå EØS-området høve til å kome til Noreg på den såkalla «spesialistkvoten» til UDI. Ei svært attraktiv ordning, skulle ein tru. Faktum er likevel at denne kvoten aldri har blitt fylt opp. I fjor stoppa talet på 2808, året før på 2577 og året før der på 3384. Trenden er altså stabil. Stabilt låg.

Vi treng folk

Det er ei enorm utfordring for landet vårt at vi ikkje klarer å tiltrekkje oss meir kvalifisert arbeidskraft, ikkje minst med tanke på den komande eldrebølgja. Vi treng fleire legar, sjukepleiarar og spesialistar for å verne om velferdssamfunnet. Vi treng ingeniørar og forskarar for å kunne ta steget over i lågutsleppssamfunnet. Og vi treng dyktige akademikarar og fagfolk for å ta steget frå ein oljeavhengig økonomi og over i kunnskapssamfunnet.

Eg trur den manglande tiltrekkjingskrafta til Noreg er eit resultat av feil fokus i innvandringspolitikken. Vi snakkar alltid om maksgrenser for innvandring. Kanskje vi i staden burde byrje å snakke om minimumsmål?

San Francisco eller Stjørdal?

Ei innføring av eit minimumsmål vil kunne skape større medvite om Noreg sin manglande attraktivitet som innvandringsmål. Det vil særleg kunne bidra til å endre vårt syn på såkalla «lukkejegarar», frå noko vi ser på med djup skepsis til noko vi ynskjer hjarteleg velkomen. For kva kan vel vere betre enn dyktige, driftige utlendingar med kompetanse som kunne tenkje seg å søkje lukka i Noreg, for seg og sine? Slike personar er ein enorm ressurs for eit kvart land dei måtte velje å bu i, om enn for ein kortare periode. Men denne gruppa har ikkje Noreg på toppen av lista si i dag. Dei vil til USA, til Australia, til Storbritannia. Og det er ikkje berre på grunn av vêret.

Unge Venstre vil snu dagens prinsipp og gjere maksgrensa på 5000 faglærte innvandrarar i året til eit minimumsmål. Då vil regjeringa måtte svare på seg dersom vi ikkje når målet, og ein vil «våge å ta debatten» om å få på plass skatteincentiv og liknande for å gjere Noreg meir attraktivt.

LO stoppa innvandring

Eit skifte av fokus i innvandringspolitikken vil vere etterlengta. Sidan 1975 har det vore innvandringsstopp i Noreg, noko som har satt tonen for den vidare debatten. Med dagens ordning går døra utanfrå EØS-området og inn til Noreg hovudsakleg gjennom asylinstituttet, FN-kvoten for flyktningar eller familiegjenforeining. Det er riktig og viktig å ta imot desse gruppene, men det må då også vere mogleg dyktige arbeidsinnvandrarar å kome til landet vårt, ikkje av tvang, men av lyst?

Innvandringsstoppen i 1975 vart innført etter hardt press frå LO. Det er ikkje tilfeldig; fagrørsla har ein lei tendens til å forsvare dagens framfor morgondagens arbeidsplassar. Difor har eg lite tru på at dagens statsrådar i den raudgrøne regjeringa kan ta tak i denne viktige problemstillinga. Derimot vil det blant morgondagens statsrådar i ei ny borgarleg regjering vere relativt stor semje om at arbeidsinnvandring er bra, trass i stor usemje på andre område i innvandringspolitikken. Å gjennomføre ei liberalisering av den norske arbeidsinnvandringspolitikken kan difor bli eit viktig, riktig og realistisk prosjekt for ei ny borgarleg regjering i 2013 – og for landet.

Kronikk på trykk i Ny Tid, 25. mars 2011

Legg igjen ein replikk?

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *