Landsmøtet i Arbeidarpartiet beviste i dag kvar det sosialdemokratiske hjartet verkeleg ligg: Hjå fagforeiningar og særinteresser.Det er tragikomisk at Ap meiner det er viktigare å hindre konkurranse på noko så trivielt som posttenester enn å verne om privatlivet til millionar av nordmenn. No må regjeringa kjempe for reservasjon mot EUs tredje postdirektiv. Det blir neppe smertefritt, heller ikkje for Posten Norge.
Posten vil tape
Kva dei nøyaktige konsekvensane av den varsla reservasjonen mot postdirektivet vil bli, er vanskeleg å spå. Noreg har aldri teke til orde for reservasjon tidlegare, og kva følgjer dette vil få for EØS-avtalen handlar vel så mykje om politikk som om juss. I verste fall kan EU slå fast at dette handlar om eit så sentralt føremål i EU-retten (fri flyt av tenester) at store delar av den livsviktige EØS-avtalen kan bli sett ut av spel.
I beste fall blir vi berre utelukka frå den frie marknaden for post-tenester. Dette vil også få konsekvensar, ikkje minst for Posten Norge, som driv storstilt verksemd i mellom anna Sverige og Danmark. For ein skal hugse på at Posten Norge allereie operer i ein konkurranseutsett marknad. Berre 8 prosent av postens verksemd er såkalla monopoltenester. Resultatet av eit veto mot EUs tredje postdirektivet kan bli at det første og andre direktivet vert sett ut av spel for Noreg sin del, noko som vil kunne få alvorlege følgjer for Posten Norge sin økonomi – og dermed norske arbeidsplassar.
Vedtak basert på feilinformasjon
Men nok om EØS-konsekvensane. Det største problemet med Ap sitt vedtak er ikkje kva konsekvensar det vil få for EØS-avtalen. Det er heller ikkje at Ap så openbart priortererer fagforeiningsinteresser framfor borgarane sine grunnleggjande rettar (og nekta å gå for reservasjon mot datalagringsdirektivet).
Det største problemet er at landets største parti har fatta eit svært alvorleg vedtak på bakgrunn av slagord, feilinformasjon og fullstendig udokumenterte påstandar.
Arbeidarpartiet meiner EU sitt tredje postdirektiv vil truge prinsippet om like posttenester i heile landet. Når ein lyttar til Ap, fagforeiningar og ein del av artiklane i media kan ein få inntrykk av at dei folkevalde i Brüssel har bestemt seg for å rasere posttenestene i det lange og grisgrendte landet vårt. Dette er likevel ei sanning med stort sett berre modifikasjonar.
Gode tenester i distrikta
Først litt sårt tiltrengte fakta: Postomlevering i Noreg er allereie subsidiert i dag, med solide 518 millionar kroner i året. Postdirektivet vil ikkje hindre Noreg i å subsidiere posttenester – men vi kan ikkje lenger gje Posten AS monopol på levering av post under 50 gram, slik dei har i dag. Andre må også kunne konkurrerer om subsidiane, og på den måten effektivisere postsektoren. Direktivet opnar for at vi kan krevje at aktørane leverer post i heile landet, eller at alle aktørar betalar inn til eit fond for å dekke subsidiering av ulønsame tenester, eller at staten direkte subsidierer ulønsame tenester. Moglegheitene er med andre ord mange for å skape gode tenester også i distrikta.
På oppdrag frå Samferdsledepartementet har selskapet Oslo Economics gjort ei utgreiing om korleis posttenestene i Noreg kjem til å sjå ut i framtida. Konklusjonen i rapporten er at dei statlege subsidiane av postutlevering må femdoblast dei neste åra dersom ein skal kunne halde oppe dagens tenestenivå. Sjølv om rapporten tek høgde for at postdirektivet blir innført, skuldast 88 prosent av det auka subsidiebehovet ikkje den auka konkurransen postdirektivet opnar for, men derimot at folk rett og slett sender mindre post. Langt mindre post. Vi sender 30 prosent færre brev i dag enn vi gjorde for ti år sidan, og Posten sine inntekter har sunke tilsvarande.
E-post, ikkje EU
Takka vere internett og elektronisk kommunikasjon har behovet for posttenester minka dramatisk, også i distrikta. Då treng ein ikkje doktorgrad i økonomi for å skjøne at posttenestene må subsidierast meir dersom dei skal haldast oppe på dagens nivå. Illustrerande er ein anekdote frå nokre år tilbake: Dåverande samferdsleminister Kjell Opset (Ap) var gjest i Dagsrevyen, og vart spurt om han ikkje hadde fått mange protestar i samband med den store nedlegginga av postkontor. ”Jo”, svarte Opset, ”men mesteparten har kome per e-post”.
Propagandaen mot postdirektivet smakar meir av dogmatisk EU-motstand enn av ein reell omsut for eit likeverdig posttilbod i heile landet. Utgreiinga frå Oslo Economics peikar på at dersom Posten skal kutte utgiftene i takt med fallande inntekter, kan postlevering færre dagar i veka vere ei løysing – kanskje heilt ned i to dagar. Problemet med dette er berre at postdirektivet sler fast at det skal vere postomlevering minimum fem dagar i veka. Eg meiner personleg at det burde vore rom for levering meir sjeldsynt enne det. Men for alle som meiner samfunnet bryt saman om ein ikkje får levert brev under 50 gram så ofte som mogleg er i alle fall postdirektivet ein kjærkomen garanti for solide (og dyre) posttenester.
Men no er vedtaket fatta, og reservasjonen er snart eit faktum. Det er sjølvsagt spanande for dei av oss som er tilhengjarar av norsk EU-medlemskap. Enn så lenge har EU latt Noreg vere med i det europeiske økonomiske samarbeidet som blindpassasjerar, sidan vi uansett ikkje lagar noko bråk. Kva skjer når vi plutseleg byrjar å ha ei politisk meining, utan å ville vere med på det politiske samarbeidet?
Vi går ei spanande tid i møte.



