Ja til opne grenser!

Ressursane i verda er ulikt fordelt. Nordmenn sin medisin mot dette, er å gje ein hundrings til TV-aksjonen kvar haust. Det vi burde gjere, er å opne grensene.

I ti år har verda forhandla om ein ny WTO-avtale. Det har gått svært langsamt, og den siste tida har forhandlingane stått fullstendig i stampe. Måndag 19. september gjekk WTO-generalsekretær Pascal Lamy ut og erklærte at det er fullstendig stopp. Lamy foreslår no at ein byrjar ein prosess med å få på plass mindre ambisiøse delavtalar.

At ein ny WTO-avtale no ser ut til å vere lenger unna enn nokon sinne, er ein ufatteleg tragedie, både for fattige land og for rike land. For frihandel er nemleg ikkje eit nullsumspel, der nokre få kan vekse på kostnad av andre. Frihandelsavtalar handlar ikkje om kven som blir sitjande att med svarteper. Frihandel handlar å sikre gjensidig vekst og velstand.

Norske tomatar

Frihandel er nemleg berre eit anna ord for effektiv bruk av naturressursar og arbeidskraft. Til dømes krev det litt meir ressursar å dyrke tomatar i Noreg enn å dyrke dei i Brasil. På den andre sida ligg tilhøva betre til rette for å produsere tørrfisk i Noreg enn dei gjer i Sør-Amerika. Kva kan då vere meir fornuftig enn at vi i Noreg prouduserer litt meir tørrfisk enn vi treng sjølve, og bytar dette mot brasilianske tomatar? På den måten kan både nordmenn og brasilianarar ete seg gode og mette på bacalao, med minimal innsats. Dei ekstra (tids)ressursane vi får til overs kan vi bruke på å ta fri, eller på å skape ytterlegare vekst gjennom å produsere andre ting.

Og det er dette som er målet med frihandel: Maksimal ressursutnytting. Den som kan produsere ei vare mest mogleg effektivt, og på den måten kan tilby den lågaste prisen, vil vinne konkurransen. Men for at ein konkurranse skal fungere, må han vere open for alle. Det er han ikkje i dag, i alle fall ikkje på verdsbasis.

Kvifor er vi så redde?

Trass i at frihandel skapar vekst, er nemleg motstanden mot opne grenser framleis stor. Eg trur dette har to årsaker. For det første handlar globalisering om vekst totalt sett – over tid. Det kan openbart vere vanskeleg for ein sparka fabrikkarbeidar å sjå dei store fordelane med at han nettopp mista jobben. For sjølv om jobben han tidlegare utførte no har vorte overflødig på grunn av teknologisk utvikling, eller kan gjerast meir effektivt ein annan stad, er det nok vanskeleg å sjå i stunda at denne frigjeringa av arbeidskraft er ein fordel. Fabrikkarbeidaren veit jo endå ikkje om han vil få ein ny jobb – sjølv om han statistisk sett nærast er sikra å få det.

For det andre er ikkje den globale økonomien underlagt folkevald kontroll. Dette opplever mange som både skummelt og farleg – og det har dei etter mitt syn heilt rett i. Global økonomi krev global politikk, men så langt har vi berre fått det første. FN er på ingen måte rusta for å ta effektive styringsgrep og skape felles køyrereglar i ein global økonomi, til det er organisasjonen alt for udemokratisk og konsensusorientert. I den regionale økonomien har ein kome noko nærare folkevald kontroll, ikkje minst gjennom EU-samarbeidet i Europa, men det er framleis ein lang veg å gå før vi kan sjå liknande modellar på globalt nivå. Det vil fordre at nasjonalstatane er viljuge til å gje opp noko av sin suverenitet for å sikre effektiv og demokratisk styring – og for mange kan nok ei slik globalisering av politikken opplevast vel så skremmande som globalisering av økonomien.

Særinteressegrupper

Eg har stor forståing for at mange kjenner frykt i møtet med ei globalisert verd. At ressursar vert brukt meir effektivt sett frå eit makroperspektiv er til lita trøyst for ein arbeidar eller bonde som mistar jobben. Å verne dagens arbeidsplassar synest umiddelbart som ei viktig og riktig oppgåve, ikkje minst for særinteressegrupepr som Norges Bondelag og LO. Men statleg inngripen i fri utveksling av ressursar vil nesten alltid hindre eller utsetje skapinga av morgondagens arbeidsplassar

Etter mitt syn har vi som politikarar éi oppgåve i ein slik situasjon: Vi må våge å vere ærlige. Vi må våge å sjå forbi einskildlagnadane. Vi må opne grensene. Vi må våge å la konkurransen virke. Og vi må seie følgjande til arbeidaren som mistar jobben: «Ja, du kjem til å miste jobben. Men du kjem til å få ein ny jobb, og vi skal hjelpe deg med å skape han».

Kronikken min i Ny Tid 23. september


  1. Sigurd
    29. september 2011

    Innlegget ditt begynner så lovende inntil du skriver at «For det andre er ikkje den globale økonomien underlagt folkevald kontroll. Dette opplever mange som både skummelt og farleg – og det har dei etter mitt syn heilt rett i. Global økonomi krev global politikk, men så langt har vi berre fått det første.» Ordene som skremmer meg er «global økonomi underlagt folkevald kontroll». Hvordan ser du for deg at folkevalgte politikere skal kontrollere den globale økonomien? Gi meg gjerne noen praktiske eksempler på hvilke typer folkevalgt kontroll av den globale økonomien vi har behov for som erstatning for, eller i tillegg til, den den folkevalgte kontrollen som våre nasjonale, regionale og lokale politikere utøver overfor den «lokale» eller «nasjonale» økonomien.

    • Sveinung
      29. september 2011

      Hei, Sigurd
      For at ein marknad skal fungere optimalt, er det naudsynt med nokre felles spelereglar. Difor meiner eg at ein globalt treng felles reglar om ein del handelsspørsmål, til dømes kva som skal vere lov av subsidiar, ein velfungerande kvotemarknad for co2 osb. Kor fortalt mykje av den same funksjonen som reguleringar spelar i Den indre marknaden i Europa i dag.

      • Sigurd
        29. september 2011

        Ett sett med felles spilleregler for internasjonal handel for å fjerne konkurransevridende subsidieordninger, er – som du korrekt påpeker – nødvendig for å sikre at markedet skal fungere relativt optimalt. Det er derimot en himmelvid forskjell mellom dette pragmatiske perspektivet og et ønske om at det globale markedet skal underlegges folkevalgt kontroll. Det kan muligens oppfattes som en lek med ord, men jeg blir skeptisk når en liberal politiker gir uttrykk for et ønske om å kontrollere markeder. Et marked består av personer som frivillig velger å inngå gjensidig fordelaktige transaksjoner. Skal markedet kontrolleres av folkevalgte, vil også personer bli kontrollert. Liberal politikk bør ha fokus på at folkevalgte politikere utøver for mye, ikke for lite, kontroll av markeder og personer.

        • Sveinung
          29. september 2011

          Hehe, vel, du har dei rette instinkta. Og eg er einig i at marknaden som oftast er overregulert, ikkje underregulert. Men dersom målet er fri fly av varer, tenester osb. på globalt nivå, treng ein felles spelereglar. Desse vil jo erstatte, og i mange tilfelle forby, mange av dagens nasjonale reguleringar, så marknaden per se vert neppe meir regulert enn den er i dag. Målet er i alle tilfelle større total fridom, og større vekst, noko eg reknar med vi er heilt einige om.

Legg igjen ein replikk?

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *