Unge Venstres regjeringsvedtak

Det har blitt stor merksemd kring Unge Venstres landsmøtevedtak om å ikkje utelukke samarbeid med noko parti før valet er over. Det seier mykje om kor langt ultimatum-valsen har gått i norsk politikk.

Før stortingsvalet i 2009 vedtok Venstre og Unge Venstre at partiet kun ville opne for eventuelt regjeringssamarbeid med sentrumspartia og Høgre. Alt anna var eksplisitt utelukka, og partiet vart pressa så langt at det omtrent lova å felle ei eventuell Frp-regjering av prinsipp, uavhengig av politikken den måtte finne på å føre. Dette i ein situasjon der absolutt alle visste at ei borgarleg regjering mått forhalde seg til Frp, på den eine eller andre måten.

I helga tok Unge Venstre eit oppgjer med med denne tankegangen. Ikkje fordi Frp har blitt meir sympatiske sidan 2009. Ikkje fordi det er spesielt sannsynleg at Venstre vil ende opp i regjering saman med Frp. Men fordi vi meiner at eit seriøst politisk parti skal vere garantisk for eigen politikk, og kjempe for å få gjennomslag for den. Punktum.

Venstre – ein plettfri tenketank?

Det er mange i Venstre som helst ikkje vil samarbeide med nokre av dei store partia i norsk politikk, og som kanskje har eit slags umedvite ynskje om at Venstre skal vere ein plettfri tenketank, heva over realpolitiske forhandlingar og kompromiss. Det trur eg er ei dødslinje for eit kvart parti som ynskjer å bli tatt på alvor.

For veljarar forstår at ingen parti får reint fleirtal. Dei forstår at det er naudsynt å kompromisse. Då skuldar alle parti, også Venstre, å søkje å få gjennom sin politikk på Stortinget og i regjering. Vi skuldar i det minste veljarane våre å forsøke. Å utelukke seg sjølv frå politisk makt er å halde veljarane for narr.

På borgarleg side i politikken er det store politiske avstandar mellom alle parti, og vi veit at det ikkje blir enkelt å finne gode kompromiss:

  • Høgre har eit manglande engasjement, og til tider ei direkte motvilje mot å ta tak i sosiale problem utan bruk av batongar og straff, det vere seg om ein snakkar om tiggarar, rusavhengige eller papirlause innvandrarar.
  • Frp tek ikkje klimatrugsmålet på alvor, og står for ei illiberal linje i justispolitikken.
  • KrF er alt for glade i å bruke andre sine pengar på alle moglege gode formål. Eller som Jan Arild Snoen skreiv i ei lesverdig bokmelding av Dagfinn Høybråtens «Pengene eller livet»: «I løpet av bokens 256 sider finnes det ikke ett eneste forslag til kutt i offentlige utgifter. (…) Nevn en offentlig utgift – nesten hvilken som helst, og Høybråten vil snakke entusiastisk om å øke den.»

At avstandane er store er både naturleg og opplagt. Vi organiserer oss ikkje i fire ulike parti fordi det er moro.

Åtte år med LO er nok

Men éin ting bør dei borgarlege partia vere einige om i 2013: Åtte år med LO og Bondelaget i regjeringskontora er nok. Meir enn nok. For den raudgrøne regjeringa har vist seg å vere fullstendig ute av stand til å løyse dei tre store utfordringane Noreg står overfor: Klimaendringar, eldrebølgja og vegen mot kunnskapssamfunnet.

Det er ingen vilje til å ta i bruka marknaden for å senkje klimagassutsleppa. Her vil dei borgarlege partia kunne finne saman i ei omleggjing frå raud til grøn skatt, til dømes ein solid auke i CO2-avgifta og fjerning av formueskatten. Det er ingen vilje til å sikre eit velferdssamfunn som også er berekraftig i møte med eldrebølgja. Her bør dei borgarlege partia klare å bli einige om å fjerne AFP, kutte i sjukeløn og heve pensjonsalderen. Og sist men ikkje minst er det null satsing på framtidig verdiskaping, særleg når det gjeld løyvingar til forsking og høgare utdanning. Her er dei borgarlege partia stort sett heilt på linje, og dessutan har dei ingen ideologiske skylappar mot å la private og frivillige aktørar vere med og bidra.

Når det gjeld tre andre store grep som må gjerast i norsk politikk; kutt i landbrukssubsidiar, ei stor kommunesamanslåingsreform og norsk EU-medlemskap, vil borgarleg semje sitje noko lenger inne. Men i den raudgrøne leiren er det i alle fall null håp om handling på desse områda.

Votering på Unge Venstres landsmøte.

Det er mykje felles ideologisk tankegods på borgarleg side. Også når ein inkluderer Frp. Borgarleg politikk står i kontrast til kollektivismen og strukturkonservatismen ein ser frå dagens regjering. Synet på eit progressivt Noreg i form av private initiativ, verdiskaping, utdanning og statens omfang tilseier at dagens opposisjonsparti – i ei eller anna form – bør søkje saman dersom dei får fleirtal i 2013.

Eit sterkt Venstre er garantien

Så er det ikkje gitt at Venstre får nok styrke av veljarane til å få gjennomslag for våre viktige saker i regjeringsforhandlingar. Då skal Venstre openbart ikkje gå i regjering. Og dersom ei borgarleg regjering fører ein politikk som bryt med grunnleggjande, liberale verdiar, kan ein heller ikkje støtte regjeringa frå Stortinget.

Men nettopp difor må Venstre bruke tida fram mot 2013 på å snakke om kvifor vi er heilt nødvendige for å få ei ny og anstendig borgarleg regjering. Eit stort og sterkt Venstre er den einaste garantien for liberal politikk, og eit stort og sterkt Venstre skal søkje makt. Det vil vere bra for partiet, bra for landet og bra for den enkelte borgar. Og det er trass alt dei vi driv politikk for.

——

Den endelege fråsegna frå landsmøtet.

Video-opptak frå regjeringsdebatten (litt dårleg lyd).

God analyse av vedtaket på Liberaleren.no.

Hør debatten i Politisk Kvarter (P2) mellom dei borgarlege ungdomspartia:
Politisk kvarter 17.10.2011 by rotevatn

Andre medieklipp/kommentarar:

  1. Per-Arne
    18. oktober 2011

    Hei.

    Dette var en god gjennomgang og det er mange god grunner for/i uttalelsen som er vedtatt. Personlig kunne jeg ønske å gå omveien om et vedtak hvor man stadfestet at Venstre kan samarbeide med alle så sant visse politiske prinsipper lå i bunn og Venstre fikk gjennomslag for sin politikk. Dette for å understreke at det er politikken som gjelder, ikke partiene. Dernest kunne man «utredet» alterntivene og vedtatt hvem man skal samarbeide med. Slik det er i denne uttalelsen har AP tydeligvis blitt utdefinert som potensiell samarbeidspartner, mens Frp har klart å innsmigre seg. Dette uten en lengre prosess. At AP er uspiselig er forståelig, men hva det er ved Frp som ikke fremstår giftig er vanskelig for meg å se.

    Jeg tror et endelig valg om Frp ville vært mer troverdig om også flørten fra AP eventuelt ble «synet» og avslørt. Men alle kjenner jo smerten ved den sittende regjeringen, så det er jo forståelig å hoppe over dette steget og se på muligheter for å bytte den ut. Spesielt med dagens UVs vektlegging og prioriteringer av Venstres politikk. Og jeg er enig i resonnementet om at en AP-regjering i mindretall, som søker støtte hos Høyre og Frp for sammen å ødelegge miljøet og dehumanisere asylpolitikken, er skummelt.

    Slik jeg leser uttalelsen er V+Krf+H førstevalg, mens V+Krf+H+Frp andrevalg. Men slik jeg leser uttalelsen krever den også at Frp slutter å føre Frp-politikk på sine viktigste områder. Altså at selve eksistensgrunnlaget til Frp (kampen for en uansvarlig økonomisk politikk, kampen for å kunne forurense så mye vi vil og kampen mot en inhuman asylpolitikk) må forsvinne i et slikt samarbeid. Hvor realistisk er det at de kan finne på å gjøre dette? Og hva skjer hvis Venstre vedtar en tilsvarende uttalelse på årsmøtet i 2012, og Frp tar en prosess (i en svekket politisk situasjon hvor de ønsker å markere seg på sine kampsaker) hvor de avslår flørten fra Venstre? Forskjellen er vel at det da er Frp som avslår og dermed skaper rot på høyresiden.

    Men kan Venstre da bli avkrevd en plan-C siden plan-B står i fare for å ryke før valget eller rett etter? Og bør Venstre si hva de vil gjøre om de har valget mellom å støtte Krf+H+Frp eller Ap+Sp+Krf f.eks? «Borgerlig løsning ved borgerlig flertall,» som har vært Oslos mantra og som er innskrevet i uttalelsen, er vel et tegn på at det første velges, men hva hvis man ikke får gjennomslag? Kan det være en skummel garanti å gå til valg på, da man i siste instans må innsette Krf+H+Frp selv uten gjennomslag? Eller ser man for seg en plan-D?

    Stå på!

    Mvh
    Per-Arne

    • Sveinung
      18. oktober 2011

      Hei, Per-Arne. Takk for ein grundig og god kommentar. Kort oppsummert: Eg meiner det er på høg tid å lufte ut regjeringskontora for Arbeidarpartiets og LOs klamme hand. Det har landet godt av. Når det er sagt så utelukker ikkje Unge Venstres landsmøte nokon parti, korkje Frp eller Ap. Poenget vårt er at politikken må stå i sentrum. Slik det politiske landskapet ligg i dag, meiner vi at ei borgarleg regjering vil vere det beste for å få gjennom liberal politikk. Det er vår plan A. Så kan det godt vere at valresultat, persongalleri, forhandlingsresultat m.m. fører til at Venstre ikkje kan stå inne for ei borgarleg regjering, og må gå andre vegar. Ein bør ikkje lukke nokon dører for godt. Men så lenge ein har ein god plan A, treng ein faktisk ikkje å greie ut i detalj om plan B, C, D osb. Veljarane skal vite at vårt fremste mål er å byte ut dagens regjering, og få mest mogleg gjennomslag for god venstrepolitikk. Det trur eg mange vil seie seg einig i.

Legg igjen ein replikk?

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *