Mindre openheit, mindre demokrati

Eskil Pedersen argumenterer i Aftenposten 24. november for at det er «naivt» å tru at rasistiske meiningar vil spreikke om dei får kome fram i lyset. Dersom meir openheit og meir demokrati er målet, kan ein knapt innta eit verre utgangspunkt

Problemet til Pedersen er at han har lagt seg til ein politisk stil der han går til angrep på meiningsberaren og sjølve meiningsytringa, i staden for å diskutere det politiske innhaldet. Dette er problematisk, for det fører til ein politisk debattkultur der motpartar går inn i offerposisjon, og der ein støtt endar opp i ein diskusjon om kva det skal vere lov å ytre.

Som liberalar er eg for eit fleirkulturelt samfunn, og som leiar for Noregs mest innvandringsliberale organisasjon får også eg – som Pedersen – «vondt i magen av å lese» mykje som blir sagt i norsk innvandringsdebatt. Men i motsetnad til Pedersen meiner eg ikkje at eg bør tole «noe» – eg meiner faktisk eg bør tole alt. Eller som den franske filosofen Voltaire formulerte det : «Eg er djupt usamd med deg, men vil kjempe til døden for din rett til å seie det». Dette er tydelegvis ikkje ein del av foredragsrekka på AUF-seminar.

Ein grunnleggjande menneskerett

For diskusjonen om ytringsfridomen er slett ikkje «en intellektuell krangel (…) om ytringsfrihetens dilemma», slik Eskil Pedersen bryskt avfeier det i sin kronikk. Det er snakk om ein grunnleggjande menneskerett, kanskje den mest grunnleggjande av dei alle. Eg opplever at vi den siste tida har fått eit meiningspoliti i Noreg, der ein til stadigheit skal kritisere den eine og den andre for ting ein «ikkje burde sagt». Det er ei farleg utvikling.

Det er mange utsegner eg er djupt politisk usamd med, og som eg meiner spelar på fordommar. Eg er til dømes djupt usamd med Christian Tybring-Gjedde (Frp) når han seier at «innvandrergutter blir hissigere enn norske – det ligger i kulturen». Og med Per Olaf Lundteigen (Sp) når han vil stenge grensene for å stoppe «kriminelle utlendingar». Og med Martin Kolberg (Ap) når han snakkar om arbeidarrørsla sin kamp mot «nazisme, kommunisme og islamisme» – vel vitande om at mange ser «islamist» som synonym til «muslim», ja; ofte også til «innvandrar». Men når eg er politisk usamd med desse ytringane, brukar eg kreftene mine på å forklare kvifor meiningsberarane tek feil – ikkje på å fortelje dei kvifor dei aldri burde sagt det dei sa.

Fengselsstraff inntil 3 år

Pedersen skjuler seg bak at han berre brukar «sin» ytringsfridom når han seier til andre politikarar at «det burde du aldri sagt». Hadde det berre vore så vel. Men Pedersen går mykje lengre enn dette. Seinast 26. mai gjekk han heilt til politiet – med TV2 på slep – og anmeldte Christian Tybring-Gjedde (Frp) for brot på straffelova § 135 a («rasismeparagrafen»). AUF og Pedersen meinte altså at det Tybring-Gjedde hadde sagt om innvandrargutar burde vere straffbart å seie, og kvalifiserande for fengselsstraff inntil 3 år. Det er verdt å tenkje over.

Politiet avfeide sjølvsagt meldinga som grunnlaus. Og godt er det. For hadde Tybring-Gjedde blitt dømt for det han sa, ville det – reint objektivt sett – vore den største innstramminga i ytringsfridomen i moderne norsk historie. I beste fall var Pedersen klar over at Tybring-Gjedde aldri ville bli dømt, og leverte politimeldinga utelukkande for å kome på TV med eit politisk poeng – og samstundes kaste vekk allereie knappe politiressursar. I verste fall meinte han oppriktig at dette burde vere straffbart. Dersom det siste er tilfelle, viser Pedersen ein urovekkande mangel på prinsipiell ryggrad.

For i eit liberalt demokrati som det norske skal vi faktisk vere tolerante mot dei intolerante. Vi skal la alle meiningar kome fram i lyset, og bekjempe dei med dei sterkaste våpen vi har: Argument og fakta. Dei av oss som trur på eit fleirkulturelt samfunn, med rom for alle menneske, bør også tru på eit demokratisk samfunn, med rom for alle meiningar.

Forkortva versjon på trykk i Aftenposten 28. november

«Eg er djupt usamd med deg, men vil kjempe til døden for din rett til å seie det», er eit Voltaire-sitat som snarast bør bli del av foredragsrekka på AUF-seminar.



  1. Bjarne Sæther
    28. november 2011

    Gratulerer, du har nettopp vunnet debatten :)

    Veldig, veldig bra!

  2. Andreas Petersen
    28. november 2011

    Meget godt skrevet, med mange gode poeng.

  3. Tarjei Sel
    28. november 2011

    Er det rom for alle former for anonyme ytringer også, eller går det en grense der et sted? Dét er det vel opp til redaktører å avgjøre, men hva mener du?

    • Sveinung
      29. november 2011

      Hei, Tarjei

      Spørsmålet om anonyme ytringar er vanskeleg, og må vere opp til den enkelte publikasjon/redaktør. Eg meiner absolutt at det kan ha ein verdi å publisere anonyme ytringar, særleg i tilfelle som gjeld varsling, men hovudregelen må sjølvsagt vere at ein opptrer under fullt namn.

  4. Frode Realfsen
    28. november 2011

    Hei, et godt innlegg i forsvar av ytringsfriheten. Den er som vanlig under angrep, men det er jeg overbist at kommer av at folk ikke helt hva det er for noe. Det er selvsagt de som vet godt hva det er for noe, men vil lage politiske saker, og det er selvsagt lov. Da det er i ytringsfrihetens ånd å kritisere ytringsfriheten så mye man bare orker. Det burde uansett blitt en del av det offentlige ordskiftet at ytringsfriheten eksisterer for å beskytte de meningene du IKKE liker. Ideen om at kattunger er søte trenger ikke beskyttelse fra loven.

    En liten, men veldig viktig korrektur. Voltaire er ikke opphavet til det sitet som du referer til. Opphavet til sitatet er Evelyn Beatrice Hall i boken «The Friends of Voltaire» (1906). Dette sitatet var ment som en oppsummering av Voltaire sine meninger rundt emnet. Sitatet er veldig godt, men æres den som æres bør.

    • Sveinung
      29. november 2011

      Ja, eg er klar over at sitatet ikkje er frå Voltaire (ein har i alle fall ikkje bevis for det). Men det blir jo vanlegvis tillagt Voltaire likevel. Og det er kjekkare å sitere Voltaire enn å sitere Evelyn Beatrice Hall.

  5. Jan Høst
    29. november 2011

    Som representant for den liberale majoritet, kan kanskje Rotevatn reflektere over hvordan det for minoriterer oppleves konstant å være i utløpet av kloakkrøret fra det grumsete dypet. Bruk noen minutter på å observere hva same-fientlige medborgere har ytret på nettsidene til NRK, Nordlys, iTromsø etc. i de siste månedene og forklar en sårbar minoritet hvorfor de skal utså denne kontinuerlige ydmykelse … av hensyn til Rotevatn. Deretter: projiser tilsvarende resultar på resten av landets minoriteter.

    Avslutningsvis fra Øverland:
    Du må ikke tåle så inderslig vel, den urett som ikke rammer deg selv!

    • Frode Realfsen
      29. november 2011

      Jeg personlig vil hevde at problemet ligger i at folk forutsetter at det er et klart skille mellom ytringsfriheten og det som faller under straffeloven. Hvor mye trakkasering en mineoritet må få lov å tåle, er en sak som desverre er opp til rettsvesenet å avgjøre, etter det har kommet en anmeldelse, eller et sivilt søksmål.

      Det er ikke en motsettning å være for full ytringsfrihet og samtidig mene at trakkasering ikke skal forekomme. Forskjellen vil jeg påstå, er at stort sett er ytringner noe passivt, men det å plage andre krever at man aktivt går inn for det.

    • Sveinung
      29. november 2011

      Hei, Jan. Eg er einig med Øverland, og nettopp difor toler eg ikkje rasisme og hate speech – og tek til orde mot det. Men eg meiner at straffelov er ein av dei verste måtane å nedkjempe slike haldningar på, og meiner dessutan at ein ikkje blir kvitt slike haldningar med å angripe dei som fremjer dei, men ved å argumentere for kvifor dei tek feil – og ved å fremje betre haldningar sjølv.

  6. Tone Mikkelsen
    29. november 2011

    Veldig bra innlegg. Skulle virkelig ønske du hadde fått større dekning for dine tanker enn bare i Aftenposten. Det er så utrolig viktig at politikere blir mer åpne for å lytte til andres meninger i stedet for å gå i strupen på dem. Det har i mange år vært akseptert at alle som VÅGET å si noe kritisk om bl.a. innvandringspolitikken ble stemplet som rasister. Selv om de kanskje hadde egne opplevelser rundt dette, og faktisk burde komme frem med sine erfaringer. Å stemple noen som rasist bare fordi vedkommende er skeptisk til hvordan integreringen, innvandringspolitikken har fungert, har spesielt vært Arbeiderpartiets lettvinte løsning for å slippe å ta tak i et stadig voksende problem.
    Og en slik enerett på hva som er korrekt, kan få en skakk-kjørt person til å bli mer ekstrem enn om det hadde vært anledning for åpne meningsytringer.
    LYKKE TIL med budskapet ditt – spre det så ofte du kan, en dag når det inn til medierådgiverne – kanskje?

Legg igjen ein replikk?

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *