Etter å ha ytra meg kritisk om gårsdagens politisk streik mot vikarbyrådirektivet, blir eg skulda for å vere “fagforeininghatar”. Det er eg ikkje. Men eg meiner fagforeiningane har mykje å skamme seg over.
For første gong på fleire år gjennomførte i går norske fagforeiningar ein politiske streik. Altså ikkje ein streik på grunn av usemje om lønsforhandlingar, men ei rein politisk ytring. Tusenvis av arbeidarar over heile landet la ned arbeidet i protest, og tok til gatene i poltisk misnøye. Dette er ikkje daglegkost, i alle fall ikkje utanfor Frankrike.
Kva fekk landets arbeidarar til å forlate arbeidsplassane sine? Det var kampen mot at vikarar skal ha like løns- og arbeidsvilkår som fast tilsette. Ja, det er heilt sant. Denne merksnodige kampen mot EUs vikarbyrådirektiv, som sikrar likebehandling av vikarar og fast tilsette, har tiltatt i styrke dei siste månadane. Fleirtalet av LOs medlemsforbund krev at Noreg brukar reservasjonsretten, det same gjer SV og Senterpartiet. Arbeidarpartiets stortingsgruppe har likevel vore fornuftige nok til å godta direkivet, noko som har utløyst mykje sinne på venstresida.
Redd for å miste makt
Eg har for mitt beste liv forsøkt å forstå kva fagforeiningane har imot dette direktivet. Eg har etter kvart fått to svar:
1) Hovudproblemet er ikkje innhaldet i direktivet, men at dette kjem frå EU (sic!). Sidan EØS-avtalen er ein dynamisk avtale, fryktar dei at EF-domstolen potensielt skal kunne kome til å tolke direktivet i arbeidarfiendtleg retning i framtida.
2) Fagforeiningane er redde for at ei styrking av løns- og arbeidsvilkår for vikarar vil føre til meir vikarbruk. Vikarar er sjeldan fagorganisert, og dermed kan fagforeiningane som sådan miste noko av maktbasen sin.
Oppsummert handlar altså streiken om at fagforeiningane er redde for å miste si eiga makt, at dei mislikar at forslag til styrking av arbeidarrettar skal kome frå andre enn dei sjølve, og at dei er usikre på korleis ei eventuell framtidig utvikling i EØS-avtalen vil bli. Som Aftenposten kommenterer på leiarplass i dag: “Hvis usikkerhet og tvil om om hvordan fremtiden kommer til å arte seg skulle være streikegrunnlag, ville det ikke bli gjort mange arbeidsslag her i landet”.
“LO-pampar”
Dette er bakgrunnen for at eg skreiv følgjande twittermelding i går ettermiddag: “LO-pampar over heile landet streikar for å hindre like arbeids- og lønsvilkår for vikarar. Dei burde kome seg tilbake på jobb”. Svara lot ikkje vente på seg, og frå alle baugar og kantar hagla det med skuldingar om at eg (og Unge Venstre) “hatar” fagforeiningar.
Det gjer vi ikkje. Fagforeiningar spelar ei viktig rolle i samfunnet, og det er grunnleggjande bra at arbeidarar kan organisere seg til felles innsats for gode løns- og arbeidsvilkår. Det eg derimot er djupt kritisk til er korleis fagforeiningar alt for ofte er meir opptekne av å styrke si eiga makt enn kva som er bra for samfunnet og den enkelte arbeidar.
Streiken mot vikarbyrådirektivet er eit sterkt døme på det. Eit anna døme er den fullstendig misforståtte kampen mot postdirektivet (som eg har skrive om tidlegare). Eit tredje døme er den dogmatiske motstanden mot å gjere det lettare å arbeide i alternative turnusordningar, eller å arbeide som midlertidig tilsett. Slike tiltak vil gjere det lettare å kome inn på arbeidsmarknaden, og det vil gjere det lettare for fleire å arbeide i heiltidsstillingar. Men fagforeiningane er diverre meir opptekne av dei som allereie har to føter godt innanfor arbeidsmarknaden enn dei som står utanfor og treng ein fot innanfor. Det er ikkje spesielt solidarisk, for å seie det mildt.
Pengar i byte mot innflytelse
Det som likevel provoserer meg mest med rolla norske fagforeiningar generelt, og LO spesielt, er alle særordningane dei nyt godt av. Det fremste dømet er sjølvsagt fagforeiningsfrådraget på skatteseddelen, som gjer at alle som er fagorganisert kan trekke frå 3750 kroner på skatten kvart år. Eg er oppteken av organisasjonsfridom, herunder retten til å ikkje vere organisert, og meiner det er ganske grovt at dei som ikkje er organisert må betale meir i skatt for å subsidiere medlemskapen til dei som vel å organisere seg.
Dette frådraget vart for øvrig dobla då den raudgrøne regjeringa vart vald i 2005, noko som gjer at fagforeiningane kan skru opp kontingentsatsane. Jens Stoltenberg, som lova på tru og ære at han ikkje skulle gje eitt øre i skattelette før det skein av eldreomsorgen, starta altså regjeringsperioden med å gje ein halv milliard i skattelette til sine eigne i fagrørsla. Når ein tek med i reknestykket at LO har fast representasjon i Arbeidarpartiets sentralstyre, og gjev millionar i valkampstøtte til dei raudgrøne partia, er det vanskeleg å ikkje kalle dette korrupsjon. Ja, det skjer i det opne, og det er ikkje ulovleg. Men det er like fullt pengar i byte mot direkte politisk innflytelse.
16 millionar på valkamp
Då eg for første gong skulle vere med og vedta eit kommunebudsjett i fjor haust, oppdaga eg nok ein særfordel som blir fagforeiningane til gode. For medan vi som folkevalde måtte sitje og kutte i lærarstillingar på grunn av eit trangt kommunebudsjett, var kommunen forplikta til å betale lønna til Fagforbundets hovudtillitsvalde i kommunen. Dette er eit fast punkt i Hovudavtalen, og var ikkje mogleg å rikke på. Her snakkar vi altså om eit Fagforbund som brukte over 16 millionar kroner på valkamp for dei raudgrøne under fjorårets kommuneval. Fagforbundet brukte med andre ord meir pengar på valkamp enn Høgre og Frp til saman, og hadde eit annonsebudsjett som åleine var større enn Venstre og KrFs samla valkampbudsjett. Men sine eigne tillitsvalde kan dei altså ikkje betale lønna til, det skal veljarane gjere over skatteseddelen. Det er ikkje berre urettferdig, det er rett og slett frekt.
Så – er eg ein fagforeningshatar? Nei, det er eg ikkje. Men som liberalar er eg er djupt kritisk til den enorme makta fagforeiningane har, og ikkje minst til korleis dei brukar denne makta. Det burde fleire vere.

Pingback: Eg – ein fagforeiningshatar? « minerva
Du har bare misforstått alt. Etter at vi utallige ganger har prøvd å forklare dette, går det visst fortsatt ikke inn.
Jeg har ikke møtt noen som er mot direktivet FORDI det kommer fra EU, men nei det hjelper nok ikke..
Vi er heller ikke mot at vikarer skal få gode lønns- og arbeidsvilkår. Vi tror heller ikke at gode lønns- og arbeidsvilkår fører til flere vikarer..
Det vi TROR, med rette, er at det vil bli flere vikarer framover ved en implementering, da EU ønsker å fjerne de restriksjonene vi allerede har i norsk lovverk hva vikarer angår. OK?
EU vil rokke ved det aller helligste vi har for å beskytte arbeidere i Norge: Lov og avtaleverket vårt. Det vil tydeligvis Venstre også.
Tror nok ikke Sveinung lyver i hva argumentene deres er
Du sier han bare har misforstått alt fordi det finnes ikke gode nok argumenter mot det han har fremstilt i dette innlegget.
Meget godt skrevet!
Går det ikke an å være litt redelig?
Du skriver: Det var kampen mot at vikarar skal ha like løns- og arbeidsvilkår som fast tilsette.
Antar at du vet inderlig godt at det ikke var denne delen av vikarbyrådirektivet streiken var rettet mot. Tvertimot har både tilhengere og motstandere av direktivet i fagbevegelsen vært helt enige om at likebehandlingen mhp lønn osv er en god ting(, som forøvrig kunne vært innført uten noe direktiv). Motstanden skyldes vurdering av om direktivet åpner for at det blir fritt fram for bruk av vikarbyråer i stedet for faste ansatte.
Er selv medlem i et forbund som ikke deltok i streiken og heller til at det er en riktig vurdering, men jeg anerkjenner at dette er en sak der ingen sitter med fasiten i dag om hvordan direktivet vil slå ut.
Skremmende at han kan uttale seg om en sak han tydeligvis ikke har satt seg inn i, i det hele tatt.
Jeg var selv med på å vedta politisk demonstrasjonsstreik i egen bedrift, OG å vedta å anbefale andre klubber å gjøre det samme, gjennom sty…revervet mitt i Oslo og Akershus NNN.
Det som tydelig fremkommer fra ALLE dokumenter om saken, som jeg har fått tilgang til, som utgår fra LO, at LO støtter at vikarer og midlertidig ansatte skal ha samme lønns og arbeidsvilkår som de ansatte i bedriftene de er innleid i. Det er noe som kan implementeres uten direktiv fra EU.
Det som derimot ER problemet med Vikarbyrådirektivet, er at det likestiller ansettelsesformen midlertidig ansatt/innleid med fast ansettelse. Med andre ord at hovedregelen ikke lenger vil være at ansatte skal ha fast jobb. EN av de uheldige effektene av dette er mulighetene for å kunne kjøpe hus/hjem, og etablere seg. -Er det noen som har prøvd å søke om huslån, når de bare kan vise til at de har jobb de neste 14 dagene, og hva som skjer etterpå er det ingen som vet?
Når det gjelder at kommunen betaler lønnen til den tillitsvalgte, så er jo det helt vanlig praksis i det private næringslivet også. -Hvorvidt man skal ha en fulltidsansatt som tillitsvalgt, er en forhandlingssak.
Veldig bra skrevet
TIl Rune Slettebakken:
Så hvilken deler av vikardirektivet indikerer at det vil svekke faste ansettelser? Når eg sjekket sist var fast annsettelse en den beste formen for bedriftstyring/organisasjonsstyring for å holde den ansatte sine kunnskaper og erfaring i driften lengst mulig. En vikar kan aldri ersatte dette. (selv om det seff finnes vikarer som kan gjøre en bedre jobb en enkelte faste tilsatte, men det er en annen sak).
Dere har en ganske nedsettende tone, men visst vi er så dumme, koffor kan ikkje dere forklarer oss uvitende om kva det konkret svekker?
Har aldri kalt noen dumme, men stiller faktisk seriøse spørsmålstegn med at noen som er så aktive i politikken ikke har fått med seg hva det dreier seg om. Det står jo overalt hva LO-forbunda mener.
Vikarbyrådirektivet tar sikte på to ting. Det første, og positive, er at det skal gi likebehandling av vikarer og fast ansatte. Det andre, og negative, er å normalisere bruken av vikarer og vikarbransjen i norsk arbeidsliv. Jeg ser behovet for likebehandlingen men ser ikke behovet for å normalisere bransjen. Det er underlig at man ikke i kan innføre likebehandlingsprinsippet i norsk rett uten å implementere direktivet. Det er kun politisk vilje dette står på.
Dersom det ikke er restriksjoner på vikarer, vil bedriftene øke bruken av disse, fordi det lønner seg økonomisk. Og til syvende og sist er det profitten som rår, enten man liker det eller ikke.
I dag skal man som hovedregel ansettes fast i Norge, og det er strenge regler for når bedriftene skal få lov til å bruke vikarer. Det vises spesielt til Arbeidsmiljølovens § 14-9 og § 14-12. Ved implementering av vikarbyrådirektivet vil dette kunne endre seg: EU vil fjerne restriksjonene på vikarbruk som vi har gjennom Arbeidsmiljøloven. Dette slås fast i artikkel 4 nr. 1 og 2. Det er skummelt å se at dresskledde menn i Brüssel nå kan rokke ved det aller helligste vi har for å beskytte arbeidere i Norge: Lov og avtaleverket vårt. Dette vil undergrave våre faglige rettigheter og demokratiet på arbeidsplassen. Hvem er det som skal forhandle og revidere våre arbeidsvilkår, er det representanter som ansatte selv har valgt, eller er det EUs domstoler? Jeg vet hvor min tillit ligger.
Vegard Holm, redaktør for Transportarbeideren, har kommentert kritikken mot streiken ganske godt. Det bør du lese, Sveinung.
http://www.frifagbevegelse.no/dagens_kommentar/article5890895.ece
Dette er så bra og konkret at eg vert lei inni meg fordi det er sant. :/
Spesielt det med korrupsjonen rundt LO..